Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

15 kgs rugg skal føre genene vidare?

Jon Olav Ørsal Måndag 15. september 2014

Stamlaksfisket gikk betre enn venta søndag, da mannskapet plutseleg hadde ein 15 kgs hannlaks i garnet. Det var i Raubekkhølen at ein bit av elva vart stengt av og laksen som gikk i hølen gikk bokstaveleg talt rett i garnet. På dette settet dekte dei behovet for stamlaks i første omgang, da det vart både han- og hofiskar til stamlakshuset i Brusetmarka. Storlaksen på 15 kg er nok den største på fleire ti-år, og ein må vel attende til Phillipstida for å finne større laks. Lorth Phillips tok nemleg ein på 21 kg tidleg på 1900-talet.

I nyare tid er det kjent at det er teke eit par laksar i 13-kilosklassen, men vi veit ikkje om nokon som er større, seier leiar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset, som er godt nøgd med årets stamfiske. Det går no 17 laksar i stamfiskhuset. 5 av disse er holaks, den største på 8,5 kg og resten er hanlaks.

Kjetil&storlaksen_6954

Det vart eit basketak før Kjetil Haugen fikk storlaksen i karet og fikk roa ned «gemyttane» Foto: Jon Olav Ørsal

Måndag var Monika Klungervik og Kjetil Haugen frå Rossåa settefisk i gang med registrering og taking av skjellprøver av dei siste laksane. Det vart eit skikkeleg basketak når Kjetil Haugen skulle hente opp storlaksen frå karet som den går i. Ein runde ut på golvet vart det før han fikk roa han ned med eit bedøvande bad i baljen. Så var det vekta som stod for tur, og akkurat det var det knytta stor spenning til. Nils Øyen er ivrig stamlaksfiskar, og var komen for å få med seg veginga. Det var tippa at storlaksen var rundt 15 kg, men vekta stoppa på 14,45. Så var det fram med tomstokken, og den store ruggen var 1,14 på «strømpelesten».  Da var i grunnen spenninga utløyst, og det som stod igjen var merking med ein microchip, i tilfelle den skulle sleppast ut i elva igjen etter stryking.

Den største hofisken var 8,5 kg og 95 cm, og såg ut til å være proppfull av rogn, så her blir det nok mykje yngel når det lir utpå vinteren. Men første skal alle gentestast, og det skal slås fast om det er ekte «todalingar» vi har med å gjere. Er det ikkje villaks så er nok livet slutt, og da kan dei ikkje brukast som stamlaks for komande slekter. To av dei laksane som vart tekne under stamlaksfisket var fettfinnekløpt, og altså produsert på Rossåa settefiskanlegg. Dei har både kome seg til havs, og har funne vegen attende til Toåa, og havna no i avl. Dei var rundt 3 og 4 kg, og var altså fanga i Raubekkhølen på søndag.

No tek det eit par veker før resultatet av gentestane blir avklara, og da veit vi kven vi kan bruke som stamlaks og vi har også klart om vi må ha fleire holaksar før strykinga startar, seier Monika. Hanlaks har dei stort nok utval i, i tillegg har dei mjelke frå tidlegare sesongar lagre nedfrosset i genbanken. Rogna kan førebels ikkje frysast, så den må være fersk når ho blir befrukta.

Måndag var det registrering av stamlaksane som er i stamlakshuset i Brusetmarka.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 15. september 2014, 19:46