Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny generasjon slept «ut på livet»…

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. april 2015

Denne veka er det sett ut ein ny generasjon med smolt i Toåa. Både 1-årig og 2-årsig smolt vart sett ut, og det skjedde i Brusetmarka i området ved Steinutgarden. Her blir dei sette ut i små merder, slik at dei kan aklimatisere seg før dei sleppes på livet i Toåa og seinare finn vegen ut i havet for å vekse seg store og sterke…

Toårig smolt - klar til å settast ut i Toåa.  Foto: Monika Klungervik

Men før dei kjem så langt må dei gjennom ein omstendeleg prosess, som startar med stamlaksfiske om sumaren og hausten. Da må det fanges både holaks og hanlaks, som deretter blir gentesta for å sjekke om dei er «ekte todalingar». Dei som blir godkjent blir så strøket, slik at ein har både rogn – og mjelke for å befrukte rogna. Etter kvart blir den befrukta rogna til yngel og får ein oppvekst eit oppvekstkar i Rossåa settefiskanlegg.

Konsesjonsvilkåra krev at eit antal 2-årig smolt skal settast ut kvart år, men som oftast blir det og sett ut ein del 1-årig smolt i tillegg. Dette skjer på vårparten og i veka som gikk vart det altså sett ut smolt i Toåa igjen. Da blir smolten pumpa frå oppvekstkara i produksjonshallen og over i transportkar som står på ein lastebil. Eit oksygeneringsanlegg sørger for at dei får passe mengde med oksygen under transporten til elva der dei skal settast ut. På elvekanten blir dei så «tappa» frå transporttanken og over i kvilemerder som alt er plassert ut i elva. Ei pumpe på elvekanten sørger for etterfylling av vatn i transportkassane, slik at fiske heile tida har nok vatn. Smolten som blir sett ut er behandla med lusefôr, eller slicefôr før utsettinga.

Så er dei altså klare for å ut på livet og klare seg sjølve, og det er ikkje enkelt. For det lurar mange farar både i elva og sjøen, og derfor er det nok berre ein liten del av smolten som blir sette ut, som finn vegen «heimatt» til toåa som stor laks etter nokre år på beite i havet. Desse laksane kjenner du att på at dei alle er feittfinnekløpt før dei blir sette ut som smolt, og det må fiskarane som tek slike laksar melde frå om slik at dei kan bli til ein del av statistikken.

Vi har lagt ut nokre bilder frå prosessen med utsetting av smolt i elva. Alle foto: Monika Klungervik, Rossåa Settefisk.

 

Publisert: 25. april 2015, 20:09