Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No blir det slutt på ruskvêret

Jon Olav Ørsal Måndag 29. september 2014

Ruskvêret er nok over for denne gong.  På «indre» vart det på langt nær så dårleg vêr som vêrmeldingane tyda på, men vi har nok hatt føling med både sterk vind  og store nedbørsmengder. Elvane har vore prega av nedbøren, og natt til søndag var det nok mest vassføring i Toåa. Da var vassmålaren opp mot 42 m3/sek ved NVEs målestasjon ovafor Storfossen.

Fyrhusholen_24m3_7602

Fyrhushølen laurdag føremiddag, med 24 m3/sek. Foto: Jon Olav Ørsal

Natt til laurdag var det også mykje regn, da auka vassføringa ved Storfossen frå ca 5 til 32 m3/sek frå midnatt og fram til kl 06.00. Det var også ei natt som vart sterkt prega av lyn og torevêr, men det er ikkje rapportert nokon skade i Todalen. Det verste gikk nok forbi lenger ut mot kysten og lenger nord.

Frå måndag ettermiddag og kveld er det meldt bra vêr utover heile uka, og stort sett søraustleg vindretning. Det er nok ein vêrtype som vil stort sett vil halde nedbøren unna og samtidig gi høge dagtemperaturar på 11-15 varmegrader melder yr.no på langtidsvarselet. heller ikkje nattetemperaturen kjem under 5-6 grader denne veka, sjølv om vi frå onsdag skriv oktober.

Storfossen den 20. september, med berre 0,74 m3/sek. Har vel aldri opplevd Storfossen så liten nokon gong?  Foto: Jon Olav Ørsal

Storfossen den 20. september, med berre 0,74 m3/sek. Har vel aldri opplevd Storfossen så liten nokon gong? Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. september 2014, 13:06