Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kulturhus Arkiv

Vi fann 194 artiklar i dette arkivet.


Påska på kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. mars 2024

Surnadal kulturhus vil vere meir ope denne påska,  enn dei tidlegare påskene, og kinoen nyttar høvet til å vise mykje film. Biblioteket vil vere ope laurdag og så dei to første dagane i påskeveka (måndag og tysdag). Men det vil vere mogleg å nytte «meirope tilgang» kvar dag resten av påska.


Surnadal kino – variert program komande veke

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. mars 2024

Det har vore mykje sand i kinomaskineriet i det siste, men no er Dune 2 ferdigspelt, og det gjer at det blir plass til mange nye filmar på Surnadal kino! Den danske «westernfilmen» Bastarden går går rett nok enno, og denne veka går den også på dagtid.


Surnadal kino – Clint Eastwood både her og der

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. mars 2024

Denne gongen også på Jylland! Men først til ein plass der det er overmåte tjukt strødd. For filmeposet Dune 2 held fram på sandplaneten Arrakis. Filmane er basert på den klassiske science-fiction-romanen til Frank Herbert og regissør Denis Villeneuve var rette mann til å gå laus på oppgåva. Dune 2 er ei visuell oppleving av dei sjeldne, som einaren også var.  Dune 2 blir vist på kinoen både tysdag 5. mars klokka 18:00 og onsdag 6. mars klokka 19.30.


Det mørke fortet med lokale aktørar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. februar 2024

I går kveld besøkte Riksteatret, i samarbeid med Teatret Vårt Storstuå på Surnadal kulturhus, der dei viste fram teaterstykket Det mørke fortet. Seks lokale Minecraftspelarar var med som aktørar under framføringa. Frå Todalen var det Sivert Sogge, Trygve Aleksander Halle, Fredrik Sogge og Håkon Brøndbo som entra scena.  


Spektakulært familieteater med lokale aktørar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. februar 2024

Onsdag 28. februar klokka 18:00 kjem Riksteatret, i samarbeid med Teatret Vårt til Storstuå på Surnadal kulturhus. Her viser dei Det mørke fortet, som inneheld det meste. Her er det Action, venskap, og ikkje minst Minecraft med lokale aktørar 


Gratiskino, Gentleman og Gullspång

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. februar 2024

Stor variasjon i kinotilbodet på Surnadal kino den neste store veka. Frå den siste gentleman til eit mirakel i Gullspång – og med eit gratis filmtilbod for barn og ungdom i vinterferien. Seniorfilmklubben viser Robert Redfords farvel med kinolerretet onsdag 21. februar klokka 12:00, og tittelen er svært passande, nemleg Den siste gentlemannen frå 2018.


Vintersyn opna i Finstua torsdag kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. februar 2024

Torsdag kveld var det høgtideleg opning av utstillinga «Vintersyn» i Finstua i Surnadal kulturhus.  Denne gongen er det Orion Righard og Ingrid Forfang som er gjestutstillarar, og det kom bra med folk til opninga, som kunne by på eit musikalsk musikkinnslag som ein del av opningsseremonien.  Kunstnarane presenterrte seg sjølve – Orion Righard via nettet, direkte i toveis kommunikasjon via Times og Ingrid Forfang som var til stades gjorde det sjølvsagt «live».



Vintersyn – Surnadal kunstforening med utstilling

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. februar 2024

Siste halvdel av februar – nærmere bestemt fra torsdag 15. februar til 29. februar er det kunstnerne Ingrid Forfang og Orion Righard som vil by på sin kunst i Finstua på Surnadal kulturhus. Ingrid kommer fra Norge, mens Orion tilhører broderfolket i Sverige.  Åpning torsdag 15.2. kl. 18.


«Til oss – fra de eldste»

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 3. februar 2024

Linn Skåber si bok, Til oss – fra de eldste, har vorte teaterforestilling, og torsdag 8. februar klokka 12:00 kan du få den med deg i Storstuå på Surnadal kulturhus. Hør Astrid Overaa fortelje om livet og alt vi må gjera før vi trur det er for seint. Førestillinga er ei «bridgeblanding» av song og musikk, latter og ettertanke. Historiene er, som nemnt, henta frå Linn Skåber si populære bok, og Astrids eigne tankar om å bli eldre.


Seniorfilmklubben viser dramathrillar

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 28. januar 2024

Onsdag 31. januar klokka 12:00 viser Seniorfilmklubben i Surnadal dramathrillaren   på Surnadal kino. Filmen er laga i 2006. 


Litt roleg på kinoen – men gode stikk

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. januar 2024

Mange gode kort på Surnadal kino no, og Seniorfilmklubben tek det første stikket. For det er klassikaren frå 1973, med Robert Redford og Paul Newman, som er sett øvst på plakaten i filmklubben denne vinteren. Onsdag 24. januar klokka 12:00 blir det ragtimemusikk og «høk-over-høk» (eller «skurk-lurar-skurk», som kanskje er meir forståeleg i dag). «The Entertainer», musikken frå «Stikket», vil dei fleste kjenne att.