Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det mørke fortet med lokale aktørar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. februar 2024

I går kveld besøkte Riksteatret, i samarbeid med Teatret Vårt Storstuå på Surnadal kulturhus, der dei viste fram teaterstykket Det mørke fortet. Seks lokale Minecraftspelarar var med som aktørar under framføringa. Frå Todalen var det Sivert Sogge, Trygve Aleksander Halle, Fredrik Sogge og Håkon Brøndbo som entra scena.  

Teaterstykket handla om ein familie og det å stå på eigne bein, og det vart eit spektakulært teaterstykke som var ulikt det ein tidlegare har sett på teaterscena. 

Teaterstykket handla om Vegard. Han spela Minecraft, og tykte livet elles berre er noko skit. Han flyttar difor frå mora til storebroren sin og måtte klare seg sjølv, utan vener på ein heilt ny stad.

Det mørke fortet med dei lokale aktørane Håkon Brøndbo, Sivert Sogge, Fredrik Sogge og Trygve Aleksander Halle. Foto: Rasmus Feidje

Ein dag møtte han Marah. Ho og venene var på sommarleir og spelar Minecraft på kveldane. Vegard fekk prøve seg, men han brann ned landsbyen deira og alt gjekk galt. I det fjerne begynte eit skummelt, mørkt fort å reise seg. 

Vegard oppdagar at nokon er etter han. Ein som kjenner han altfor godt, og som gjer alt for å øydelegge. Og vi fekk bli med til ei altoppslukande verd der spel og verkelegheit smelta saman. Teaterstykke utspela seg både på scena og på skjerm. 

Publisert: 29. februar 2024, 07:01