Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spektakulært familieteater med lokale aktørar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. februar 2024

Onsdag 28. februar klokka 18:00 kjem Riksteatret, i samarbeid med Teatret Vårt til Storstuå på Surnadal kulturhus. Her viser dei Det mørke fortet, som inneheld det meste. Her er det Action, venskap, og ikkje minst Minecraft med lokale aktørar 

Sjølve teateropplevinga, som passar for alle over seks år, handlar om familie og det å stå på eigne bein. Og innpakkinga er ikkje likt noko du har sett før – dette blir spektakulært!

Vegard spelar Minecraft, og tykkjer livet elles berre er noko skit. Han flyttar difor frå mora til storebroren sin og må klare seg sjølv, utan vener på ein heilt ny stad.

Det mørke fortet. Foto: Maja Moan (Riksteatret)

Ein dag møter han Marah. Ho og venene er på sommarleir og speler Minecraft på kveldane. Vegard får prøve seg, men han brenn ned landsbyen deira og alt går galt. I det fjerne begynner eit skummelt, mørkt fort å reise seg. 

Vegard oppdagar at nokon er etter han. Ein som kjenner han altfor godt, og som gjer alt for å øydelegge. Bli med til ei altoppslukande verd der spel og verkelegheit smeltar saman!

Den kjente Youtuberen og gamaren Jonas Lihaug Fredriksen, også kjent frå TV2s «Forræder», spelar Vegards (Arjan Nilsen) storebror. Handlinga utspelar seg både på scena og på skjerm, i verkelegheita og i spelet. Seks lokale unge er med som Minecraft-spelarar.

Billettar til Det mørke fortet kjøper du her

 

Publisert: 19. februar 2024, 12:41