Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Linda Eide til Surnadal kulturhus med «Fosse-sjov»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. april 2024

Linda Eide og Sjur Hjeltnes tek med seg forestillinga om nobelprisvinnaren Jon Fosse til Storstuå på Surnadal kulturhus torsdag 14. november klokka 19:00. I tillegg blir forestillinga vist på Sunndalsøra og i Kristiansund dei påfølgande dagane. 

– Dette er noko så sjeldan som ei lys og lett Fosse-forestilling, seier Linda Eide.

Vi serverer forteljingar, analysar og anekdotar om verdas første nobelprisvinnar med nynorsk som hovudmål. Ei slik framsyning hører naturleg heime i verdas nordlegaste nynorskfylke, som attpåtil har verdas nordlegaste nynorskkommune, Surnadal!, legg ho til. 

Linda Eide og Sjur Hjeltnes er mellom anna kjent frå «Eides språksjov», som NRK legg ned. Til gjengjeld kjem parhestane til Nordmøre. No har dei gått den store forfattaren etter i saumane: Kven er Jon Fosse, kva skriv han, korleis skriv han? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkjøring? Kva var det eigentleg som skjedde da mannen som aldri skulle skrive for teater, over natta vart ein verdsberømt dramatikar?

– Og ikkje minst: Er Fosse så forbaska utilgjengeleg som folk skal ha det til?

Linda Eide sluttar snart i NRK. Til gjengjeld inntar ho nordmørske scener i haust. Foto: Tore Zakariassen/NRK

Linda Eide spør. Og svarar sjølv, frå scena i Storstuå på Surnadal kulturhus den 14. november.

Turnéen på Nordmøre har kome i stand gjennom eit samarbeid mellom dei tre mållaga på speleplassane gjennom Surnadal Heimbygdlag, Sunndal Mållag og Fosna Mållag. Nordmøre Mållag er støttespelar.

Svein Sæter i Surnadal Heimbygdlag såg «Fosse for dumskallar» i Oslo før jul, under feiringa av nobelprisen til Jon Fosse.

Da nemnte eg for Linda at vi svært gjerne skulle hatt denne flotte, humørfylte forestillinga til Nordmøre. Det hadde ho svært lyst til. Sia har det berre handla om å finne datoar som passa for alle, seier han.

I «Fosse for dumskallar» får publikum oppleva det sprudlande samspelet mellom musikaren Sjur Hjeltnes og ordkunstnaren Linda Eide. Her er det glimt i auget frå første tone. Eller som Linda Eide sjølv seier:

– Dette er dumskallanes inngangsbillett til Fosseriket. Og sjølv den vidarekomne kan hente seg nokre nyttige studiepoeng, legg Sæter til. 

Billettar kjøper du her

Publisert: 12. april 2024, 16:00