Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kino – variert program komande veke

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. mars 2024

Det har vore mykje sand i kinomaskineriet i det siste, men no er Dune 2 ferdigspelt, og det gjer at det blir plass til mange nye filmar på Surnadal kino! Den danske «westernfilmen» Bastarden går går rett nok enno, og denne veka går den også på dagtid.

I filmen er vi tilbake til 1700-talet og Mats Mikkelsen spelar hardhausen, med bakgrunn frå hæren, som vil dyrke opp den karrige jorda på Jylland. Men han får motstand frå ein adeleg dommar som ser på området som sitt eige. Filmen (15 år) har stort sett fått fem på terningen.

 

Onsdag 13. mars klokka 12:00 avsluttar Seniorfilmklubben vårsesongen med filmen Stor oppstandelse (Death at a funeral. Engelsk humor, og det er som oftast eit kvalitetsmerke, og denne gongen med gratis inngang. Ingen har nokon gong betalt så lite for å flire av så mykje!

 

Ibelin. Foto: Medieoperatørene/Euforia

 Meir til ettertanke er Ibelin, filmen om Mats Steen som døde av ein muskelsjukdom, 25 år gammal. Foreldra sørga over bortgangen og over at sonen hadde levd eit så isolert og einsamt liv grunna sjukdomen. Men det viste seg at Mats hadde eit stort – og nært – nettverk levd ut som karakteren «Ibelin» i dataspelet «World of Warcraft» Ibelin er ei blanding mellom dokumentaropptak og rekonstruerte hendingar og dialogar og har fått eineståande gode kritikkar – et sterkt dokument over en ung mann som, til tross for store utfordringer, kom til å bety mye for mange, (NRK).

 

Kung Fu Panda 4. Foto: 2023 Dreamworks Animation

Så kjem det endeleg ein ny familiefilm igjen, etter at VICTORIA MÅ DØ for siste gong no onsdag kveld. For på fredag dukkar Kung Fu Panda 4 opp, åtte år etter at vi møtte pandaen sist. Ingen har vurdert filmen enno, men har du sett dei ein eller fleire av dei førre, vil du sikkert også få med deg denne!

 

Døde menn går på ski. Foto: manymore.no

Døde menn går på ski har også premiere fredag 15. mars. Norsk film basert på Knut Nærums herlege krimkomedie frå 2002. I boka blanda Nærum inn litt Agatha Christie, ein dæsj André Bjerke (De dødes tjern) og krydrar heftig med eleganse og humor. God krimpåske!

Heile kinoprogrammet ser du på surnadal-kulturhus.no/filmer/

Publisert: 11. mars 2024, 15:16