Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påska på kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. mars 2024

Surnadal kulturhus vil vere meir ope denne påska,  enn dei tidlegare påskene, og kinoen nyttar høvet til å vise mykje film. Biblioteket vil vere ope laurdag og så dei to første dagane i påskeveka (måndag og tysdag). Men det vil vere mogleg å nytte «meirope tilgang» kvar dag resten av påska.

Surnadal kino vil vise film palmesøndag og så kvar einaste dag frå tysdag av.

Ghostbusters. Foto: SF Studios

På repertoaret står Kum fu Panda 4, IbelinDune 2, og dei du skal ringe til om det hender noko rart i nabolaget ditt. Jau, Ghostbusters er tilbake! I Ghostbusterrs – frozen empire har skumle krefter og utsett New York for ei ny istid, så da er det berre å ta opp mobilen og ringe både nye og gamle spøkelsesjegarar!

For full oversikt over kinoprogrammet, gå inn på surnadal-kulturhus.no

Publisert: 22. mars 2024, 21:47