Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gratiskino, Gentleman og Gullspång

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. februar 2024

Stor variasjon i kinotilbodet på Surnadal kino den neste store veka. Frå den siste gentleman til eit mirakel i Gullspång – og med eit gratis filmtilbod for barn og ungdom i vinterferien. Seniorfilmklubben viser Robert Redfords farvel med kinolerretet onsdag 21. februar klokka 12:00, og tittelen er svært passande, nemleg Den siste gentlemannen frå 2018.

Filmen er basert på den sanne historia om Forrest Tucker, ein 70 år gamal bankranar som slit med å slutte med det han er god på. Men han er så høfleg når han gjer sine bankran, at politiet blir mest forvirra i jakta på han. Robert Redford har med seg Sissy Spacek, Tom Waits og andre kjente i eit verdig punktum for ei lang filmkarriere.

Foto: Pia Letho/Mer film

Merk deg også Mirakelet Gullspånd, som går på kino på dag- og kveldstid tysdag og torsdag. Det er ein norsk/svensk dokumentar med ei forteljing som går langt utover det fattbare. Eit teikn frå Gud gjer at dei to norske søstrene May og Kari kjøper ei leilegheit i den lille svenske byen Gullspång. Dei får sjokk når dei ser at seljaren er prikk lik deira søster, som døde for tretti år sia. Seljaren er også fødd på same dag som søsteren og dei innser at dei må vere i slekt. Så utviklar det seg i enno rarare retningar. Skal ein tru kritikarane er Mirakelet Gullspånd filmen du berre må få med deg i 2024!

Foto: Øyvind Svanes Lunde, Ymer Media

To nye kinopremierer i helga. Den første er filmen Victoria må dø, som har 9 års aldersgrense er faktisk ein komisk familiefilm. Noko som ikkje er lett å lese ut av tittelen. Mora til Hedvig og Henrik er død, og faren har fått seg ein ny kjærast, Victoria, som tek styringa i heimen. Så sterk styring at Hedvig og Henrik meiner det får vere nok og tykkjer det er best at ho forsvinn for godt. NRK melder at «det er noe deilig «Roald Dahlsk»» over filmen og trillar ein 5-ar på terningen. Victoria må dø har premiere fredag 16. februar klokka 18:00 og blir også vist som gratisforestilling onsdag 21. februar klokka 10:00 som eit tilbod i vinterferien. Ingen billettar blir gjeve bort på førehand, så «først-til-mølla»-prinsippet gjeld.

Foto: SF Studios

Den andre nye filmen er Madame web, som har 12 års aldersgrense, som har premiere fredag 16. februar klokka 20:00 Da er vi tilbake i Marvel-universet og opphavet til ei av dei mest gåtefulle heltinnene der. Dakota Johnson spelar «madammen» som oppdagar at ho har sterke klarsynte evner, noko som gjer at ho må hjelpe andre i fare. Madame web vil også bli vist som gratisforestilling, for dei over 12 år, onsdag 21. februar klokka 14:00 – også her er det «først-til-mølla»-prinsippet som gjeld.

Publisert: 16. februar 2024, 18:35