Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kino – Clint Eastwood både her og der

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. mars 2024

Denne gongen også på Jylland! Men først til ein plass der det er overmåte tjukt strødd. For filmeposet Dune 2 held fram på sandplaneten Arrakis. Filmane er basert på den klassiske science-fiction-romanen til Frank Herbert og regissør Denis Villeneuve var rette mann til å gå laus på oppgåva. Dune 2 er ei visuell oppleving av dei sjeldne, som einaren også var.  Dune 2 blir vist på kinoen både tysdag 5. mars klokka 18:00 og onsdag 6. mars klokka 19.30.

Seniorfilmklubben viser onsdag 6. mars klokka 12:00 filmen Nådeløse menn (Unforgiven). Filmen er Clint Eastwoods store triumf, med Oscar-pris både for beste film, hovudrolle og regissør. Nådeløse menn er Clint sitt oppgjer med seg sjølv og sine tidlegare westernfilmar, der konfliktar og valdsbruk vart skildra reint så teikneserieaktig? Er det difor originaltittelen er Unforgiven, noko ein ikkje kan tilgi? I Nådeløse menn får du også gjensyn med tidlegare filmstjerner som Gene Hackman (som vann Oscar for beste birolle), Richard Harris og Morgan Freeman.

Bastarden. Foto: Nordisk Film Distribusjon

«Clint Eastwood i Danmark», var overskrifta på VG sin kritikk av filmen Bastarden, som startar opp på kino torsdag 7. mars klokka 19.30. Og grunnen til koplinga til Clint er at filmen verkar å vere ein dansk western, lagt til 1700-talet på Jylland. Mats Mikkelsen spelar hardhausen, med bakgrunn frå hæren, som vil dyrke opp den karrige jorda på Jylland. Men han får motstand frå ein adeleg dommar som ser på området som sitt eige. Filmen har stort sett fått fem på terningen.

Heile kinoprogrammet og andre arrangement på Surnadal kulturhus, finn du på heimesida deira surnadal-kulturhus.no

 

Først publisert: 3. mars 2024, 19:42 - Sist oppdatert: 4. mars 2024, 08:28