Informasjon frå kulturavdelinga og Surnadal kino
I ei pressemelding i går ettermiddag, informerer kulturavdelinga i Surnadal kommune om at søknadsfristen for kulturmidlar 2021 er 30.april. Same frist gjeld for å søkje om leige av idrettshallen, gymnastikksalar ved skulane og symjehallen, for skuleåret 2021/22. I tillegg informerer dei om at Surnadal kino opnar dørene att frå og med fredag 16.april.