Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julerosekveld med Herborg Kråkevik og gjestar

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 14. november 2021

Herborg Kråkevik kjem fredag 26. november til Surnadal kulturhus med sin storslåtte Julerose-turné, der ho har teke  med seg Linda Eide, Vigdis Hjorth, Mathias Eick og Kristiansund symfoniorkester. 

Herborg Kråkevik tek i år med seg musikken og forteljingane frå «Juleroser» til berre nokre få utvalde scener rundt om i landet. På turneen har ho med seg forfatteren Vigdis Hjorth, journalist og humorist Linda Eide og trompetvirtuos Mathias Eick. I tillegg til ny og tradisjonell julemusikk, vil desse folkekjære formidlarane gje publikum forteljingar, dikt og humoristiske høgdepunkt frå «Juleroser-heftene». Det blir adventstemning, julelatter- og tristesser, klassiske juleforteljingar og heilt rykande ferske tekster om kvarandre.

Dei siste åra har juleheftet Juleroser med redaktør Herborg Kråkevik blitt ein kjær del av julestemninga i mange heimar rundt om i landet. Jula 2020 kom albumet Juleroser med heilt nye julesongar signert av mellom andre Aurora Aksnes, Odd Nordstoga og Anne Grete Preus, og spelt inn av Herborg Kråkevik og Bergens Filharmoniske Orkester. På albumet medverkar også Bjørn Eidsvåg, Fargespill, Trygve Skaug, Marianne Pentha, AURORA og Mathias Eick.

Herborg Kråkevik

 november kjem albumet «Barnas Juleroser» med julesongar og forteljingar som har stått på trykk i juleheftet med same namn som Herborg også er redaktør for. Julerosekvelden består av songar frå båe albuma.

– Dette skal bli ei juleforestilling som snakkar til alle krinkar og krokar av julehjartet vårt! Jul er følsomme greier, og litt kunst gjer alltid godt, om det no er musikk, litteratur eller biletkunst. Eg håpar mange vil koma og oppleva Juleroser frå scenen. Me skal gjera alt me kan for å underhalda og røra dykk og forhåpentleg gje alle litt fred i førjulsinnet, seier Herborg Kråkevik.

Billettar får du her: «Julerosekveld med Herborg Kråkevik»

Publisert: 14. november 2021, 20:22