Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fantasifull reise på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 13. november 2021

Boka blir rekna som ein klassikar for barn og unge, og mange hugsar også filmversjonen. Tysdag 16. november kjem Teatret Vårt med sin versjon av «Den uendelige historien» til Surnadal kulturhus.

Ein dag, på veg heim frå skulen, finn Bastian ei mystisk bok. Etter kvart viser det seg at den som les boka blir med i handlinga. Da kan det bli vanskelig å finne vegen ut att …

Fantasia held på å forsvinne. Eventyrhelten Atreju må legge ut på ei lang og farefull reise for å finne ut av og alt det merkelege som hender. På vegen møter han rare figurar og skumle vesen. Han må også klare å kome seg gjennom tre magiske portar for å redde Fantasia. Til sjuande og sist er det Bastian som må løyse gåta. Korleis skal han greie det?

Teateroppsetjinga passar for alle eventyrarar over seks år, og stykket varer i rundt ein time og femten minutt. Merk også at det er ein hyggeleg billettpris på stykket, og spesielt om ein er (minst) fire og kjøper billettene saman. 

Billettar til teaterstykket kan du kjøpe her: «Den uendelige historien»

«Den uendelige historien». Foto: Teatret Vårt.

Romsdal Budstikke gav stykket terningkast 5: «De sceniske løsningene og det velsmurte «Teatret Vårt-apparatet» fungerer så det suser. Vi føler oss vel i denne lille, raskt omskiftelige verden der nede på scena. De fire gestalter personer, dyr og mystiske figurer så det er en fryd«, konkluderer Romsdals Budstikkes anmelder. 

Først publisert: 13. november 2021, 13:39 - Sist oppdatert: 14. november 2021, 14:59