Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Jørgenkveld» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 21. september 2021

Søndag 3.oktober klokka 19:00 kjem Lars Jarle & The Big Mamas til Surnadal kulturhus med framsyninga «Jørgenkveld». Dette er ein hyllest av forfattarskapet til den avdøydde bæverdalingen Jørgen Gravvold, som var fødd i 1930 og døydde i 2005. I fjor haust, da det var 90 år sidan han vart fødd, laga Lars Jarle & The Big Mamas ein minnekveld, som gjekk for fulle hus, både i Bæverdalen og Bøfjorden. No inviterer dei altså til «Jørgenkveld» på kulturhuset. 

Jørgen Gravvold var ein allsidig forfattar, som skreiv om mangt og mykje han observerte rundt seg, og da ofte med humoristiske betraktningar. Han skreiv om både smått og stort, alt frå nauden i verda til kattene som slost utanfor kjøkenglaset. 

Av hans mest kjente tekster er: «Ita kvitløk», «Eg trur eg vil døy ei vårnatt» og «Bøverdalsrock». Jørgen fekk «Kleivaprisen» i 2001. Henning Sommerro har laga musikk til fleire av tekstene til Jørgen. 

Arrangørane garanterer at lattermusklane får trent seg og at publikum får ein fin kveld i lag med Lars Jarle & The Big Mamas! 

Billettar kan du kjøpe her: «Jørgenkveld på kulturhuset»

Plakaten kan du lese her: «Jørgenkveld på kulturhuset»

Publisert: 21. september 2021, 05:00