Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Absolute norsk» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. september 2021

Fredag 8. oktober klokka 19:00 kjem stand-up komikar Terje Sporsem med sitt nye stand-up-show til Surnadal kulturhus. Denne gongen om verdas aller, aller beste land. Sunnmøringen er klar med sitt fjerde show. Før har han hatt stor suksess med sine utleggingar om «Krig» og «Religion», sjølv om det siste også var litt risikosport da ikkje riktig alle meinte ein skulle gjera for mykje artig av slikt.

Sporsem har gebursdag 17. mai og slik sett opparbeidd eit nært forhold til nasjonale markeringar. Og akkurat Nasjonen er tema for hans siste show, der han prøvar å finne ut kva det eigentleg vil seie å vere norsk. Er vi framleis naive «lottovinnarar», eller har olja gjort oss til stappmette verdsborgarar?

Han vil difor sette oss under lupa, med eit svært så humoristisk skråblikk på nordmenn, norsk historie og notid. Og muleg finn han svaret på kva som gjer oss «Absolute norsk» når han kjem til kulturhuset fredag 8. oktober?

Det vart frigjeve mange gode «stolar» i Storstuå etter at det ikkje no lenger er krav om seteavstand mellom kvar «kohort». Billettsalet har likevel vore så bra for Sporsem sitt show at det kan vere lurt å gå innom nettsida surnadal-kulturhus.no, eller resepsjonen, om ein vil sikre seg plass.

Billettar får du kjøpt her: «Terje Sporsem – Absolutt norsk»

Publisert: 28. september 2021, 07:53