Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Skumringstimen» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. september 2021

Torsdag 16.september klokka 14:00, kjem Teatret Vårt og skodespelarane Astrid Overaa og Peter Drabløs til Surnadal kulturhus, med teaterforestillinga «Skumringstimen». Da ei av målgruppene til dette teaterstykket, er dei som har hausta mest erfaring i det jordiske livet, og for å nå denne gruppa, har Surnadal kulturhus valt å prøve med «ettermiddagsframsyning» denne gongen. 

«Skumringstimen»

I presentasjonen av teaterstykke heiter det: 

«Dette sitter og det sitter veldig godt», konkluderer Sunnmørsposten. Og kulturhuset prøvar samtidig noko nytt – og håpar det også sitt like godt.

Astrid Overaa er ein særs populær skuespelar, og det er ikkje så lenge sia vi fekk eit gjensyn med ho som «Lilly Valentin». Torsdag 16. september kjem ho og Peter Drabløs tilbake til Surnadal kulturhus med «Skumringstimen».

Og sia ei av målgruppene for dette teaterstykket også er dei som har hausta mest erfaring i det jordiske livet, vil kulturhuset denne gongen prøve med å vise stykket tidlegare på dagen, nemleg kl. 14 den torsdagen. Ein håpar det gjer at enno fleire freistar å oppleve ein stemningsfull time med desse to kjære skuespelarane!

Kva har vi eigentleg att etter eit langt liv? Korleis kan livet som gammal vere? «Skumringstimen» handlar om dei store spørsmåla som vi må tore å stille oss sjølve før det er for seint.

Margaret og John er naboar. Dei har «alltid» vore det og har møtt kvarandre jamt og spør da om alt eller ikkje noko. Eller, ikkje om alt. Akkurat denne dagen skal John hjelpe Margaret med å reparere ei gammal lampe og plutseleg viser det seg at det er mykje dei ikkje har tala om. Kanskje litt for mykje?

«Skumringstimen» er ein underfundig og tankevekkande refleksjon over å bli gammal – med to skuespelarar som gjer kvarandre gode.

Billettar til teaterstykket kan du kjøpe her: «Skumringstimen»

«Skumringstimen»

Publisert: 13. september 2021, 04:00