Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lykke og Zaman til biblioteket i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. oktober 2021

Surnadal bibliotek får besøk av to av dei mest omsnakka forfattarane for tida. Dei kjem for å snakke om sitt forfattarskap – og livet elles. 19. oktober klokka 19:30 kjem Nina Lykke, medan dagen etter, den 20. oktober klokka 19:30 kjem Kadafi Zaman, så her blir det noko å gle seg til for dei leselystne!

Nina Lykke. Foto: Agnete Brun

Nina Lykke

Ho er ein av dei desidert mest leste forfattarane dei siste åra. Tysdag 19. oktober kjem Nina Lykke altså til Surnadal bibliotek.

Ho debuterte i 2010 med den kritikarroste novellesamlinga «Orgien og andre fortellinger». Romanen «Oppløsningstendenser» (2013) fekk også strålande mottaking. Og i 2016 fekk Nina Lykke sitt store gjennombrot med romanen «Nei og atter nei» (2016); og romanen vart også ein salsuksess i Sverige og Tyskland.

«Full spredning – en legeroman» er Nina Lykkes fjerde bok og for den vann ho Brageprisen i 2019. Boka har så langt fått eit opplag på knappe 100.000 eksemplarar, og «Full spredning» har så langt spreidd seg vidare ut til nærare tjue land.

Nina Lykke vil i foredraget fortelje om sitt forfattarskap, om kvifor ho skriv, kvifor det er så vanskeleg, kvar stoffet kjem frå og kvifor det verkar som om vi gjer så mykje rart i liva våre.

Arrangørar av forfattartreffet tysdag 19.oktober kl. 19.30 er Surnadal Folkeakademi og biblioteket, og det er fri inngang.

 

Kadafi Zaman. Foto: Goran Jorganovic

Kadafi Zaman

Den kjende TV2-journalisten har levd eit eventyrleg liv. Onsdag 20. oktober fortel han på biblioteket om det – og kjærleiken til det norske samfunnet.

Han har jaga gangsterar og vorte overfalle under revolusjonar. Han har vore sendt ut for å dekke dei mest ekstreme katastrofane og vorte kasta i fengsel på jakt etter å formidle nytt til TV 2.

Men livet kunne vore heilt annleis for ein av våre fremste gravejournalistar. Hadde faren tenkt annleis, kunne han like gjerne vore bonde i Punjab i Pakistan i dag. Men faren tok eit val om å reise til eit land som trong arbeidskraft, og arbeidde doble skift her i landet for å sikre framtida for ungane sine.

Kadafi Zaman fortel i boka «Den norske drømmen» både om sin pakistanske bakgrunn, sitt liv som journalist, om kor tilfeldig livet og kor høgt han sett sider ved det norske samfunnet.

Svein Sæter vil samtale med Kadafi Zaman på biblioteket 20. oktober kl. 19.30.

ARK Surnadal vil kome og selje boka, om nokon er interessert i å kjøpe.

Fri inngang, og Kadafi Zaman er på turne på vegner av «Litteraturhus i Møre og Romsdal».

Publisert: 18. oktober 2021, 05:00