Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 8556 artiklar i dette arkivet.


Storkamp på torsdag

Storkamp på torsdag

Elinor Bolme Tysdag 30. august 2011

Torsdag kl 19 er det storkamp på Bordholmen. Då er det G16 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen som møter Clausenenga til dyst. I vårsesongen vart det tap for S/T/K/U, men dei satsar vel på revansj denne gongen. Open kiosk med græt å bakels. Her kan du sjå tidlegare resultat frå G16 1. divisjon – Nordmøre og Romsdal Fotballkrets, medan […]

Les heile saka

Iggeltjønna rundt med Stavganggruppa

Iggeltjønna rundt med Stavganggruppa

Vidar Sogge Tysdag 30. august 2011

Torsdag 26. august la 42 deltakarar frå Stavganggruppa turen til Iggeltjønna i Rindal. Her vart vi mottekne av tre svært blide kvinner: Helene Marie Nergård, kontaktperson og journalist på turen, og to guidar, Ildri Grønli og Gerd Helgetun. Iggeltjønna og området rundt har eit heilt suverent turområde. Nokre av oss rusla ein eller to rolege rundturar i det flate terrenget nede ved tjønna, medan andre valde ein noko lengre variant med avstikkarar til meir kuppert terreng.

Les heile saka

4H på overnattingstur

4H på overnattingstur

Elinor Bolme Tysdag 30. august 2011

Frå laurdag til søndag arrangerte Start 4H tur til Romådalen. Det var friluftslivgruppa som var pådrivarar, noko som resulterte til ein innhaldsrik tur for dei som vart med. Gjengen vart skyssa opp lia til Haukarsteinen, der dei tok føtene fatt til dei til nådde målet som var Austistusetra.

Les heile saka

Infomøte om Trollheimstunnelen

Infomøte om Trollheimstunnelen

Jon Olav Ørsal Måndag 29. august 2011

Onsdag 31. august kl 19.30 vert det informasjonsmøte om Trollheimstunnelen i Todalen Ungdomshus. Det er Surnadal Arbeiderparti og Surnadal Senterparti som inviterer alle som er interessert til møtet, og dei har hyra Tore Dyrnes som møteledar. Ragnar Halle som er initiativtakar til møtet reknar med at dette har stor interesse, både i Todalen og utafor Todalen.

Les heile saka

Todaling hadde føling med «Irene»

Todaling hadde føling med «Irene»

Jon Olav Ørsal Sundag 28. august 2011

I dag kan vi by på en liten utenriksrapport frå en todaling i New Jersey, som har hatt litt føling med orkanen «Irene». Det er Toril Redalen som har vært i USA på en 2 ukers keramikk workshop i Maine, gjennom arbeidet som kunstner. Etterpå benyttet hun anledningen til å treffe igjen vertsfamilien i New Jersey, der ho […]

Les heile saka

Bli med i Saniteten….

Bli med i Saniteten….

Jon Olav Ørsal Sundag 28. august 2011

Todalen Sanitetsforening ligg i startgropa for ny sesong, og går no ut for å få med fleire til å delta i foreininga. Dei er i dag omlag 20 aktive medlemar, men vil gjerne bli fleire. Saniteten har laga ein foldar som dei har putta i postkassane over heile bygda. Der informerer dei om arbeidet dei driv, og ønskjer deg velkomen som medlem i eit godt og sosialt miljø.

Les heile saka

Trollheimsmarsjen 2011 vart avlyst!

Trollheimsmarsjen 2011 vart avlyst!

Jon Olav Ørsal Sundag 28. august 2011

Regn og tjukk tåke ned til 3-400 m gjorde at arrangøren tok avgjerda om å avlyse årets Trollheimsmarsj. Ledar i Todalen Idrettslag seier at det var uforsvarleg å sende mykje folk til fjells under slike vêrtilhøve. Arrangøren beklaga dette, men løypetraseen gikk tross alt over Vardan, som ligg heile 850 moh, seier Bruset. Det er Todalen I.L. og I.L. Ulvungen som i samarbeid stod som arrangør av Trollheimsmarsjen.

Les heile saka

Valgkampen i gang

Valgkampen i gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. august 2011

Det nærmar seg fort valgdagen, som er måndag 12. september. Dei forskjellige politiske partia i kommunen er no i full aktivitet med valgforebuinga. Det kjem mykje informasjonsmateriell i posten og partia har stand for å dele ut materiell og for å treffe «mannen i gata». Laurdag var Surnadal Arbeiderparti i Todalen og hadde stand utafor ICA Todalen, der dei stillte med kandidatar både frå Todalen og frå andre delar av kommunen. Dei hadde i tillegg stand på Skei, og skal seinare til Bæverfjord og Bøfjorden, fortalte Mons Otnes som er partiets ordførarkandidat.

Les heile saka

Kulturkalenderen for september

Kulturkalenderen for september

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. august 2011

Karstein Telstad på Surnadal kulturhus melder at kulturkalenderen for september er klar for postkassane. Dei har eit rikhaldig program, som startar allereie neste helg, 2.- 3- september, med Plekterfesten 2011. Det går føre seg både på hotellet og i Kulturhuset, og her får vi gjenhør med mange band frå regionen. Og her blir det rikeleg med mulegheiter til å mimre- og dromme seg bort.

Les heile saka

Ny turisthytte i Naustådalen?

Ny turisthytte i Naustådalen?

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. august 2011

Verne-områdestyret for Trollheimen får en varm potet i fanget på sitt møte 5. september. Trondhjems Turistforening vil nemlig bygge ei ny turisthytte i Naustådalen. Problemet er bare at stedet ligger innenfor Trollheimen landskapsvernområde hvor det er i tilfelle kreves dispensasjon fra vernebestemmelsene for å sette opp nybygg. Trondhjems Turistforening (TT) har oppgitt at formålet med etableringen er å dele opp fotturen mellom Kårvatn og Trollheimshytta slik at denne delen av Trollheimen blir mer attraktiv for fotturister. Det er Tidens Krav som skriver dette, både i papirutgaven og på nettsida, onsdag denne uken.

Les heile saka

Bli med på Trollheimsmarsj!

Bli med på Trollheimsmarsj!

Jon Olav Ørsal Fredag 26. august 2011

Bli med på Trollheimsmarsjen førstkomande søndag. Det er Nils Ove Bruset, Ledar i Todalen I.L., som oppmodar alle til å blir med på turen over fjellet frå Todalen til Ålvundeidet. Det er ein flott dagstur, sog egnar seg både for born og vaksne. Det er start på Bordholmen stadion i Todalen mellom kl 8.30 og 11.00 og du har heile dage på deg til målgang på Leikvoll stadion på Ålvundeidet før kl 17.00. Det er ca 13 km over fjellet, og i vanleg turtempo treng du rundt 5 timar, pluss pausar. Høgaste punktet på turen er ved Vardan, 850 moh.

Les heile saka

Slektstreff etter 3 søstre…

Slektstreff etter 3 søstre…

Jon Olav Ørsal Fredag 26. august 2011

Laurdag er det slektstreff etter søstrene Maren, Ingeborg og Ingrid, som alle vart fødd i Pestua på slutten av 1800-talet. Da samles rundt 90 av etterkomarane i Todalen ungdomshus først til lunch og seinare på dagen til festmiddag og litt underhaldning. I det høvet det laga ei ganske unik utstilling med handarbeid etter dei tre søstrene i ungdomshuset. Det er rett og slett unik saum som er utført i veldig tynnt garn, som krever en god finmotorikk for å få til. Nedafor har vi laga eit bildegalleri der vi presenterer nok av det fine arbeidet.

Les heile saka