Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bli med i Saniteten….

Bli med i Saniteten….

Jon Olav Ørsal Sundag 28. august 2011

Todalen Sanitetsforening ligg i startgropa for ny sesong, og går no ut for å få med fleire til å delta i foreininga. Dei er i dag omlag 20 aktive medlemar, men vil gjerne bli fleire. Saniteten har laga ein foldar som dei har putta i postkassane over heile bygda. Der informerer dei om arbeidet dei driv, og ønskjer deg velkomen som medlem i eit godt og sosialt miljø.

Todalen Sanitetsforening har lagt ned eit stort arbeid for å betre levekår og helse for sambygdingane gjennom snart hundre år. Foreninga har vore aktiv sidan Thora Talgø tok initiativ til å starte foreninga for snart hundre år sidan, og er vel i dag meir aktiv enn nokon gong.

Foreinga eig og driv Sanitetshuset, med utleige av 4 eldrebustader og møterom med velutstyrt kjøkken. Her arrangerer dei fotpleie, strikkekaffe og leiger ut til gravøl, burdagar og anna møter. Dei har klesinnsamling til Estland kvar vår, og markerer dagar knytt til helse og kosthald. Dei organiserer mamografi- og osteoporoseundersøkingar og har omsorgsberedskap. Omsorgberedkapsgruppa samarbeider tett med Surnadal kommune og stiller på kort varsel ved ulykker, brann eller leiteaksjonar.

Første møtet i haust er 6. september, og da ønskjer styret både gamle og nye medlemar velkomne til Sanitetshhuset kl 19.30. Vidare utover hausten og vinteren har foreninga møte første tysdag i kvar månad.

Todalen sanitetsforening har fått ny heimeside. Her vil du etter kvart finne mykje informasjon om kva foreninga driv med og anna aktuell informasjon. Dei har også eiga side under Todalen.no, der du finn litt info og dei siste nyheitssakene om Saniteten på Todalen.no.

Publisert: 28. august 2011, 08:00