Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9557 artiklar i dette arkivet.


Spansk aften samla eit førtital til Paella

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. august 2026

Det var nok mange som runda av ferien med spansk aften i Skulstuå på fredagskvelden.  Siri Lund og ektemannen Francesc stod som vertskap, og dei bydde på Paella , tapas og anna spansk mat til eit førtitals gjestar som møtte opp.  Det kom folk frå nær og fjern, sjølvsagt mest todalingar, men også frå rundt omkring – venner både frå Kristiansund og andre plassar. 


Hiv o’hoi! Minner om spansk aften

Jon Olav Ørsal Måndag 3. august 2026

Da nærmer det seg spansk aften med tapas og paella i Skulstuå i Todalen. – Det skjer fredag førstkommende i tidsrommet 18:00 – 21:30. 


Toåa holdes fortsatt stengt for fiske

Jon Olav Ørsal Fredag 31. juli 2026

I en pressemelding i dag melder Todalen elveeigarlag at styret har bestemt at Toåa fortsatt holdes midlertidig stengt for fiske inntil videre.  For å få et best mulig grunnlag for å vurdere om det er forsvarlig å gjenåpne vil vi foreta en ny drivtelling i neste uke. Todalen elveeigarlag følger utviklingen nøye i samarbeid med forvaltningsmyndigheter og fagmiljøene.


Skifter til LED – sparer 70% på straumkostnaden

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. juli 2026

Onsdag var Kristiansundfirmaet HNNLED i full gang med skifte av lysrør og ein del gammeldagse armaturar for å skifte over til LED-lys.  Frå i dag blir alle lysrør skaifta over til LED-teknologi for å spare straum og for å spare miljøet.  Matkroken Todalen vil spare rundt 70% av energien som er bruka til lys – i tillegg vil det bli betre lys. 


Norges Bank: alle bør ha kontantar heime

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. juli 2026

Dersom vi får langrvarig straumbrot eller det oppstår ein krisesituasjon kan det bli problematisk å gjera nytte av elektroniske betalingssystem.  Norges Bank kjem no med ei anbefaling om at alle bør ordne seg med litt kontantar  for å ha i beredskap dersom situasjonar oppstår.


Stor oppslutning om Stikk UT!

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. juli 2026

Turtrimmen Stikk UT! starta opp i Molde i 2005 og har no utvikla seg til å bli eit av landets største folkehelsetiltak med 18 friluftsråd i 156 kommunar.


Velkomen til «Spansk aften» i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. juli 2026

Har du lyst til å smake paella og anna spansk mat, spør Francesc og Siri frå «piratskulen» i Holmatrøa.  Dei har mange gong arrangert spansk aften med Tapas på Pakkhuset, og gjentek i år suksessen frå i fjor i  Skulstuå, med spansk tapas og paella  på programmet.


Ungdomshuset får eit nytt målingsstrøk

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. juli 2026

Operarødt er nok ei naturleg farge når Ungdomshuset skal få eit nytt målingsstrøk.   Den 13. august arrangerer Stangvikfestivalen operakveld i Ungdomshuset i Todalen.  I dag var det målardugnad i Ungdomshuset, der 3-4 målarar svinga kost og rull i godt målarvêr.


Ny «kyrkjegardsarbeidar» på plass

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. juli 2026

No er han på plass og er komen i jobb på kyrkjegarden i Todalen.  Det er den nye robotkløpparen på kyrkjegarden vi pratar om, og den har no teke over jobben med kløpping av heile kyrkjegarden for resten av sommaren.  Tidlegare har dette arbeidet vore utført av frivillig mannskap som har gjordt dette arbeidet på dugna med ein raider som har tilhøyrt kyrkja.


No blir det vêrforandring

Jon Olav Ørsal Måndag 20. juli 2026

Ut på ettermiddagen tysdag blir det nok litt endring på sommarvêret.  Da er det på yr.no meldt norvestleg vindretning og etter kvart litt nedbør.  Først blir det regn gjennom natta og utover onsdagen dersom meteorologane treffer på med sine meldinger. Natt til 6. juli var det faktisk snø på toppane, men det håper vi at vi slepp denne gongen.  


Galleri Sand Nordmøre – siste opningsdag i sommar, men opnar igjen til hausten

Jon Olav Ørsal Sundag 19. juli 2026

I dag var det siste opningsdag for Galleri Sand Nordmøre for denne gongen.  Galleriet har vore ope i 4 veker, så no må vi prioritere prosjekt vi har igang i Oslo-området i nokre veker, seier Aune Sand, som er travel oppteken med å pakke ned utstyr og som skal nå ferja på Kvanne.  Galleri Sand Nordmøre i Todalen opnar igjen til hausten, men dato er førebels ikkje fastsett.