Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9339 artiklar i dette arkivet.


Reparasjon på høgspentlina er i gang

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. november 2025

Ekstremvêret Amy vart for tøff for høgspentnettet inn til Todalen, og det førte både til kabelbrot og fleire knekte pålar.  Det var omfattande skade som var påført høgspentnettet, og i dag var S-Nett i gang med utskifting av pålane.


Gudsteneste med streaming til nettet – oppdatert med ny link til overføringa

Jon Olav Ørsal Sundag 23. november 2025

I dag var det lagt opp til streaming av gudstenesta frå Todalen kyrkje, der mykje elektronisk utstyr var rigga til i kyrkja, der kyrkjetenar Oddvar Wæge var «kringkastingssjef» for ein dag.  Men det vart ikkje slik som Oddvar hadde planlagt, fordi det oppstod eit brot i breibandsleveransen frå Telenor, dermed vart det stopp på overføringa av gudstenesta. Dermed må dei hente fram det arkiverte opptaket og lage ei ny sending som kan leggast ut på YouTube.  Derfor blir nettutgåva av gudstenesta litt forsinka, men den kjem, seier Oddvar.  No er video frå gudstenesta lagt ut, og du kan berre klikke på linken for å få tilgang på sendinga – her kan du sjå gudstenesta frå Todalen kyrkje.


Stor aktivitet i helga – både jubileum og Thaibuffe

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. november 2025

Denne helga er det mykje som skjer – Todalshytta minner om Thaiaften som startar kl 17:00, med servering utover kvelden til kl 20:00.  I Todalen ungdomshus er det jubileum for storspellmannen Halvor Ørsals jubileum for 150 år sia. 


TILs julekalender: – Kjøp lodd og bli ein vinnar

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. november 2025

Laurdag er det aksjonsdag for sal av TIL trimgruppas Julekalender 2025.  Det er alt selt mange julekalendrar som har hamna rundt omkring i heile landet, men i dag er det altså aksjonsdag med sal i Kaffekroken på butikken.  Heile styret i Trimgruppa er på plass for å servere gratis bakels og graut til kaffegjestane i Kaffekroken denne laurdagen.  


Trefall og stengt veg mellom Nordvik og Svinvika – no er vegen opna

Jon Olav Ørsal Fredag 21. november 2025

Ei stor furu har gårr overende og stenger vegen mellom Nordvik og Bleikhammaren før Svinvika.  Det danner seg no køar på begge sider medan ein venter på entreprenør som kan fjerne treet. Entreprenør er varslet og på veg for å rydde vegbannen.


Premiere for lysglobe og vinterlys i miljøgata

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. november 2025

Endeleg skjer det noko positivt og dette var flott – det var omkvedet blant dei mange som var møtt fram for å  på Torgplassen for å ta den nye lysgloben i nærare augesyn.  – og folk lika det dem såg.  Vêrgudane sørga for eit lett snødryss for liksom å sette det heile på spissen. Bruken av lys i mørketida er påstått å være helsebringande, og har grepet om seg etter at LED-teknologien praktisk talt revolusjonerte straumforbruket til belysning. 


Direktesendt gudsteneste frå Todalen kyrkje – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. november 2025

Søndag 23. november kl. 11:00 er det gudsteneste i Todalen kyrkje.  Gudstenesta blir denne gongen direktesent på nett.  Det blir takkoffer til trusopplæringsarbeidet i soknet.  Liturg er nytilsatt prest i Indre Nordmøre prosti,  Lars Skagestad.  Etter gudstenesta serverer soknerådet kyrkjekaffe.


TILs julekalender har vorte ein god juletradisjon

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. november 2025

TILs Trimgruppe satsar stort på årets «Julekalender» som blir ein god tradisjon. Trimgruppa følgjer opp suksessen frå dei to siste åra der det er trekning frå 1. desember og kvar dag fram til jule. Det er fleire gevinstar kvar dag, og det er like stor spenning kvar dag når vi på Todalen.no publiserer vinnarane kl 06:00. Trimgruppa er alt i gang med salet av julekalenderen på nett, men laurdag 22. november blir det sal av TILs Julekalender på Matkroken Todalen. Da blir det og graut og bakels å få til kaffen i Kaffekroken. 


4 brøytetraktorar har gått i heile natt

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. november 2025

Dei siste par dagane har det gått nærast døgnet rundt for brøytesjåførane hos Todalen Mjølk.  Deit har brøytinga både på fylkesvegane, kommunevegane og på dei flest private vegane.  Sist natt har det kome 20-30 centimeter med tung, kram nysnø – det har bokstaveleg talt lava ned, seier Anders A. Karlsen som beklagar at kapasiteten på det næraste er sprengt sjølv om 4 traktorar har gått i eitt.


Den første snøen er her – meir i vente

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. november 2025

Igår og i natt har vi fått den første snøen som har lagt over – plutseleg vart det full jobb på brøytarane som har teke unna etter kvart.  Dersom du studereer yr.no så er det nok meir nedbør i vente, men i låglandet vil det nok bli mest regn dei første par- tre dagane.



Allskog: Travle tider i skogen etter stormen Amy

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. november 2025

Stormen Amy laga skikkeleg kaos med trefall og rotvelter som braut ned kraftlinjer og stengte vegar – store trær vart brotne ned slik at dei låg både på kryss og tvers.