Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskebasar i Nordvik Forsamlingshus

Dordi Jorunn Halle Tysdag 26. mars 2024

Basar tysdag i den stille veka er fast tradisjon på Nordvik. Ein fin tradisjon som gjer at fastbuande nordvikgardingar, utflytta nordvikgardingar og hyttefolk kan møtast til hyggeleg prat, mimre eller få nye bekjentskap.

Den første påskebasaren vart arrangert 14. april i 1987 av syforeninga «Nystart». No er det Nordvik Grendalag som er arrangør.

Kjøkkengjengen og komite: Fay Johansen Mossing, Kristoffer Nordvik, Ola J. Nordvik – formann i grendalaget, Kenneth Sæthebø og Nina Vikan. Foto: Dordi Jorunn Halle.

I tillegg til eit stort basarbord med mange fine gevinstar, var det åresalg og pilkast. Ola Vikan fekk flest poeng av ungane og bestefar Palmer Vikan i vaksenklassen. Åresalget var det aktive og dyktige ungar som stod for; artig å sjå kor ivrige dei er. Kjøkkengjengen stilte med god sjokoladekake, bakels og gele med vaniljesaus. Totalt kom det inn 20 300 kroner; noko basarkomiteen var godt fornøgd med.

Topp basarstemning  i Forsamlingshuset – retteleg godt, gammeldags basarsøg!

Fleire bilete frå basaren:

Iver vann første gevinsten som vart trekt på basaren. Det syntest han var stas! Og no er han godt rusta til påsketuren. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Anna Ingeborg Nordvik og Anna Vikan styrte basarbord og loddsalg. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Det var bra med folk på påskebasaren. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kjekt å møtast i påskehelga! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Trekkingsliste:

Først publisert: 26. mars 2024, 23:56 - Sist oppdatert: 27. mars 2024, 11:19