Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hengebrua er komen i drift igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mars 2024

Sidan stormen i vinter har hengebrua mellom Liatun og Heggøyann vore steng for all bruk.  I dag har det pågått reparasjon av brufesta og brutårnet på eine sida, og no er brua atter farbar for fotgjengarar som kan bruke brua på eige ansvar.  Det er Gunnar Nordvik som med god hjelp av Per og Arne frå Gjeldnes Maskin som har jobba med reprasjon av brua, medan arbeidet har vore administrert av Todalen Bygdalag.

Bra at hengebrua er klar for bruk igjen til ny trimsesong startar. Foto Jon Olav Ørsal

Brua har faktisk vore mykje bruka av trimmarar, så det høver godt at den no blir «gangbar» til ny trimsesong kjem i gnag.  Det er faktisk ein fin trimrunde å gå etter elvakanten på sørsida frå Bruset og oppover til hengebrua – så kan du gå over brua og utover Halanesset til Ramsøya og så vidare – enten over Phillips-brua eller nedover Ramsøydalan til Brusetbrua.

Publisert: 22. mars 2024, 18:29