Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9541 artiklar i dette arkivet.


Jo Magnus var oppe i otta i dag…

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2026

Jo Magnus Torvik var tidleg oppe i dag – saman med BPA Daniel Kaalen (Brukerstyrt Personleg Assistent) var han på plass i Raudåhølen kl 6:30, for å ta årets første laks.  Vi traff dei to ivrige laksefiskarane i Båthølen litt seinare på dagen, men framleis venta dei på den første laksen. Men optimismen var det ikkje noko å seia på, for alle ivrige laksefiskarar har det i seg at det er på neste kast du skal ta storlaksen. 


Sommarmagasinet – rett i postkassen din i dag

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2026

I dag – eller ein av dei første dagane – finn du eit spenstig og friskt sommarmagasin med mykje godt stoff om det som skjer i Surnadal i sommar.  Magasinet et på 52 sider, og er signert Thons reklameavdeling i Surnadal.


Kløvertur til Nauståfossen

Dordi Jorunn Halle Sundag 31. mai 2026

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 1. juni. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Natt til måndag startar laksefisket

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mai 2026

Måndag startar ny sesong for laksefiske i Toåa – i år som i fjor går laksefisket frå 1. juni til 31. august, medan sesongen for sjøaurefisket går frå 15. juni til 31. juli – altså berre halve tida.  Det er strenge reglar for fiske i Toåa, med eit total fangstkvote på 30 avliva laks for sesongen. – Det er knytt stor spenning til innsiget av laks, fortel Andreas Brøndbo som er leiar i Todalen elveeigarlag.


Todalshytta – måndag er det sesongopning

Jon Olav Ørsal Fredag 29. mai 2026

Måndag er det klart for sesongopning på Todalshytta, der sesongen er koordinert med sesongen i Toåa.  Vi har bra med førehandsbooking i heile sommar, men det er nok laksefiskarane som dominerer den første tida etter opninga opninga. Sesongen på Todalshytta går frå 1. juni til og med 31. august, og vi har budd oss på at det blir ein travel sesong.



Klart for premiere for laksefisket i Toåa

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. mai 2026

Det er kvart år knytt stor spenning til starten på laksefisket i Toåa.  I år ligg det iallfall godt til rettes med tanke på forholda i elva.  Den siste tida har det vore både snøsmelting og regnvêr, som har gjort at det er tipp topp forhold i elva.


Kveldsmat i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Tysdag 26. mai 2026

Todalen sanitetsforening inviterer bygdefolket til kveldsmat onsdag 27. mai kl. 18:00.


Dugnad – førebur ny sesong for laksefiske i Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mai 2026

Ny sesong for laksefiske i Toåa er like rundt hjørnet – onsdag arrangerer Todalen elveeigarlag dugnad for klargjering til fisket.  Både elveeigarar,  og andre som har lyst, stiller opp på Bruset onsdag 27. mai kl 18:00.  Dugnadsjobben blir å rydde elvekantar, samt skilting og tilrettelegging for fiskarane, og elveeigarlaget oppfordrar til å ta med ryddesag, motorsag eller anna høveleg reiskap.


Roseslottet -«skapt i kjærlighet til demokratiet»

Dordi Jorunn Halle Sundag 24. mai 2026

I 2020 var det 80 år sidan Norge vart angripe i 1940, og 75 år sidan frigjeringa i mai 1945. For å markere dette vart kunstinstallasjonen Roseslottet sett opp ved Frognerseteren ved inngangen til Nordmarka i Oslo av brørne Vebjørn og Eimund Sand – eit pedagogisk prosjekt for å fortelje om okkupasjonen av Norge.


Kløvertur i strålande sol

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. mai 2026

Måndag 18. mai gjekk kløverturen frå Åsen bygdemuseum til kvilebua ved Lomtjønna i strålande ver med sol og god temperatur.


Høgtidsgudsteneste avslutta programmet for nasjonaldagen

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2026

Siste post på det offisielle programmet for 17. mai i Todalen var høgtidsgudsteneste i Tidalen kyrkje.   Tema for dagens preike var delvis knytta til feiringa av nasjonaldagen – er det sant at Gud rår over vår historie.  Da er det naturleg at ein tenkjer 1814, 1905 og 1945.