Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9603 artiklar i dette arkivet.


Opa dør til fotball i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juli 2026

Rykter om fotballvisning i Ungdomshuset i kveld, og da tenkte vi sjølvsagt Norge – England med ein gong.  Endre Talgø som er leiar i Todalen IL bekreftar at døra blir open til fotballvisning, men det er ikkje noko program for kvelden, og heller ikkje noko servering å få.  Men alle som har lyst må gjerne […]


Verdas beste drivstoff til heile Midt-Noreg

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juli 2026

Vegard Mogstad har sin base hos NK Energi i Surnadal, men han har heile Midt-Noreg og vel så det som sitt arbeidsområde – igår var han på Smøla og Aure, medan han onsdag var i Lom i Gudbransdalen med drivstoff.  Det går omtrent like mykje drivstoff i ferietida som resten av året, for da aukar turisttrafikken utruleg mykje, seier Mogstad.


Med regnet kom laksefisket så smått igang

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. juli 2026

Den første laksen lot vente på seg, men etter kvart er laksefisket kome igang i Toåa.  I skrivande stund er det teke 12 fiskar – 10 laks og 2 sjøaure.  Alle så nær som ein er sett ut igjen, og får ein ny sjanse til å være med og spre sine gener i Toåa.   Egentleg er det regnet dei siste dagane som har sett litt fart på fisket, sjølv om det ikkje var så store mengder.


Godt besøkt kunstutstilling – folk kjem langvegs frå

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2026

Galleri Sand Nordmøre, som er lokalisert i den nedlagte skulebygninga til Todalen skule, held opa kunstutstilling frå torsdag til søndag denne veka – alle dagar i tidsrommet frå kl. 12 til kl. 15.  På telefon på tur heimover gir han uttrykk for at det har vore veldig bra besøk i galleriet siste veke. Spesielt var det bra på laurdag og søndag, og Aune er imponert over kor mange som kjem langvegsfarande.  Han opplever stadig at folk kjører 3-4 timar for å kome til Todalen for å sjå jubileumsutstillinga.  


Sommarmånad med snø på toppane

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2026

Det var nok mange som kjente at det var litt hustre og kaldt i går kveld, men skodde i fjella skjulte nok årsaka til litt kalde gufs.  Måndag morgon fekk vi sjå nysnøen, der toppane i Grinaren, skjeringfjellet og Snøfjellet var innhylla i snø.


Apposteldagen var tema for dagens gudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 5. juli 2026

Det er ikkje ofte at tema for dagens preken stemmer med tekst og motiv for dagens gudsteneste.  Det gjorde det faktisk i dag, da det faktisk var apposteldagens som var tema.  Apposteldagen er dagen da vi minnes dei første appostlande som led martyrdøden saman med Jesus.


Både laksen og laksefiskarane ventar på regnet

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. juli 2026

Det blir påstått at det står mykje laks utafor utløpet til Toåa og ventar på meir vatn.  Laksefiskarane held på og blir utålmodige, for yr.no har meldt regn i fleire dagar, uten at det blir noko som monnar på vassføringa.  Til no er det teke 3 laksar og 1 sjøaure på tilsaman 8 kg, som egentleg er eit katastrofalt resultat når vi er ein månad ut i sesongen.


Endeleg vart det kantslått og puss av vegkantar på kommunale vegar

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. juli 2026

Onsdag starta arbeidet med kantslått på kommunale vegar i Todalen, og det var jammen eit etterlengta syn som vi har venta lenge på.  – Det var Rolf Ove Røv frå Teigan Maskin, som gjekk på denne viktige oppgåva med hjullastar med kantslåttagregat, og han gjorde «vei i vellinga» og fikk fram igjen vegkantane.


Dugnad i båthamna på Kvennset

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. juli 2026

Todalen båtforening minner om dugnad i båthamna på Kvennset torsdag 2. juli frå kl 18:00 og utover.   Da fortsett arbeidet med montering av nye utriggar og skifting av dekke på bryggene.  Ta med høveleg vertøy som batteridrill eller liknande.  


Utruleg god respons på startkontingenten til Ræta Opp

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. juni 2026

Det har vore ein heilt utruleg responsen på innbetaling av startkontingenten for Ræta Opp og Miniræta – startkontingenten går uavkorta til Spleisen for forskning på den sjeldne muskelsjukdomen til 2 åringen Mikkel Nergård.  Den totale summen som som blir overført til til spleisen frå Todalsdagen/Todalen Idrettslag  er 44.883.


Årets første laks på kroken

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. juni 2026

Det tok tid å få på land årets første laks i Toåa, for det var først måndag at den 2,9 kgs laksen vart frista av flua til Jan Larsen.  Det skjedde i Ner Hølen, og det var ein holaks som vart teken på flue, og som sjølvsagt vart sett ut igjen. 


Galleri Sand Nordmøre: – denne veka er det ope torsdag til søndag

Jon Olav Ørsal Måndag 29. juni 2026

Da er ei veke unnagjort etter nyopninga for Galleri Sand Nordmøre.  Aune Sand kan rapportere om både bra besøk og bra salg i galleriet etter «nyopninga», og han likar godt at det er så stor interesse for kunsten som er utstillt.  – Eg trives i Todalen, og det er artig med slik respons frå publikum, seier han.