Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Offer for gaupa?

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. mars 2024

Måndag vart det funne ein død hjortkalv på lunningsplassen ved Ørsalhøgda.  I dag er det meste spist opp, så det har nok vore kalas i løpet av natta.  Om det er gaupa, jerven eller anna rovdyr som har teke livet av hjortkalven det veit ikkje vi, da det ikkje lenger er sporsnø.

Rett som det er blir det gjort observasjonar av gaupespor rundt om kring, så gaupa er nok ein hyppig gjest.  – Det vises nok etter kvart på rådyr og hjortbestanden etter som ein gaupefamilie treng atskillig mange rådyr for å være sjølforsynt med mat.  

 

Publisert: 5. mars 2024, 15:19