Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vår i emning – Vårsøgprogrammet er klart

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. mars 2024

Onsdag kunne Anders Larsen kalle inn pressen for å presentere årets program. Vårsøghelga 2024 kjem i år til å gå over 5 dagar i staden for 4 dagar som tidlegare.  Anders Larsen, som er dagleg leiar i Vårsøghelga, er snar til å forklare at det er ikkje ekspansjon i programmengden, men det blir litt betre tid til å gjennomføre det programmet ein har. 

Anders er godt nøgd med planlegginga av Vårsøghelga, og konstaterer at det er aukande interesse både her heime, og ute i den store verda. Og det er bra både for Vårsøghelga, og for hotell og butikkar i dalføret – det er med og skaper vekst i Surnadal. 

Styret er godt nøgd med utviklinga av Vårsøghelga – årets program er godt i gjenge og her blir det litt av kvart å ta del i. Frå venstre Ingvild Kårvatn, Linda Torvik og dagleg leiar Anders Larsen.

Som sagt så startar Vårsøghelga onsdag 22. mai, og startar med minneutstilling med kunst av Lars Gjøra, og boksøg med Tommy Fossum.  Vidare går det slag i slag, og rundar av med Trondheimsolistane med «Dei 4 årstider» søndag kveld 26. mai kl 19:00.   I mellomtida er det fullt program kvar dag, og sjølvsagt er det Kleivakvelden som er hovudattraksjonen med Bjarne Brøndbo som det store trekkplasteret – det skjer laurdag kl 18.  For Kleivakvelden blir det i år teke eit vêrforbehald  – difor blir det i første omgang lagt ut 300 billettar og planlagt ut frå Storstua. Når tida nærmar seg vil ein vurdere vêret og mulegheita for å arrangere Kleivakvelden på Kleiva og legg i så fall ut 500 billettar ekstra. 

Søndag blir det planlagt å feire to hundreårsjubileum – nemleg Edvard Fliflet Bræin og i tillegg ville Alf Ramsøy vorte hundre år i år.  Desse programpostane er ikkje ferdig planlagt enno, og slik er det med resten av programmet også – det kan enno bli ein del endringar.  Heilt sikkert er det at det det breie lag i Surnadalskulturen blir engasjert i samband med Vårsøghelga – vi føler oss også temmeseg sikre på at alle vil finne noko som interesserer i årets program, seier Anders Larsen til slutt.

Heile programmet for Vårsøghelga 2024 så langt det er kome kan lastes ned her som PDF-dokument.     Her kan du kjøpe billetter til Vårsøghelga 2024

Først publisert: 13. mars 2024, 19:00 - Sist oppdatert: 14. mars 2024, 07:28