Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar i februar og mars

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. mars 2024

Det har vore fint, kaldt og godt ver i fleire veker. Men det har også vore glatte og isete parti i både turstiar, skogsvegar og gardsvegar. Dette begrensar kor Sanitetsforeninga kan arrangere kløvertur. Det er viktig å unngå fall og beinbrott!

Siste måndagen i februar var det kløvertur utover Stranda, og første måndagen i mars gjekk turruta frå Matkroken og oppover Kvennsetlia til Råa.

I Kvennsetlia. Foto: Marit Sanden Søyset.

Ansneset ligg fint til ved Todalsfjorden. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Dagens kløvertur, 11. mars, gjekk frå Todalsøra, til Ansneset og vidare utover til Vorphaugen. Ein riktig fin tur i godveret. Her var det tørt og fint å gå. Triveleg å kome ned til fjorden som delvis er islagt.

Ny kløvertur måndag 18. mars.

Fleire kløverturbilete:

Vorphaugen. Lenger kom vi ikkje. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Ved Sjøheim. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Ute i Stranda. Frå venstre: Helen, Arndis. Kari, Åse Johanne, Liv Jorunn, Helga, Jorunn og Dordi. Foto: Marit Sanden Søyset.

Publisert: 11. mars 2024, 18:07