Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tysdag kveld kjem konfirmantane på døra

Jon Olav Ørsal Måndag 18. mars 2024

Todalen sokneråd er ansvarleg for fasteaksjonen i Todalen. Anita Talgø som er KN-kontakt i Todalen fortel at konfirmantane vil få ansvaret for å samle inn pengar for fasteaksjonen i år.  Tysdag kveld 19. mars, frå kl 17:00 og utover, kjem dei på døra med innsamlingsbøssa.  I år er det viktigare enn nokon gong at vi er rause til å støtte fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp – vi må gje så det svir.

Selma Skjerve Gjeldnes flankert av Ola Bruset og Anita Talgø frå Soknerådet. Du kan velge om du vil gje pengar og putte på bøssa eller om du vil bruke Vipps # 2426. Foto Jon Olav Ørsal

Pengane vil mellom anna bli brukt til å skaffe reint vatn.  Sjølv om det er ein sjølvsagt ting ffor oss, så er det stor mangel på reint vatn mange plassar. Difor er det eit viktig satsingsområde for Kirkens Nødhjelp.   Du kan bidra gjennom å gje pengar som du puttar på innsamlingsbøssa. Eller du kan gj via Vipps på #2426.

Ta vel imot konfirmantane når dei kjem på døra 

Ei slik papirbøsse kan du bruke – her kan du også skanne Vipps-koden om du heller vil bruke den digitale betalingsmåten. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 18. mars 2024, 07:01 - Sist oppdatert: 17. mars 2024, 20:16