Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fastetid og innsamling

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. mars 2024

Tysdag 19. mars får heimane besøk av konfirmantar og andre med fastebøsser! Alle sokn førebur no storinnsats for Kirkens Nødhjelp. Fredag kveld 15. mars er det «pep-talk». Da held lokalkyrkja inspirasjonstreff på Surnadal vidaregåande. Her deltek konfirmantane, heimane og dei ansvarlege i sokna. Ein viser litt av behovet for nødhjelp og – ikkje minst: At innsatsen gir resultat. 

I Surnadal vart det i fjor samla inn over 130.000 kroner. Konkret er dette «å faste for sin neste» – med reell sikring av liv i område som treng nødhjelp.  800 milionar menneske i verda manglar skikkeleg vatn. Difor har vassforsyning høg prioritet. Men Kirkens Nødhjelp yter alltid innsats der det trengst mest. Somme bygder har i år få konfirmantar til å gå med bøsser. Difor har sokna ei klår oppfordring til deg som vil gjera nødhjelpinnsats eit par kveldstimar komande tysdag:  – Sei JA viss du blir spurt om å delta i ein kjapp og effektiv dør-til-dør-aksjon!

Her står bøssene klare til innsamlingsaksjonen som skjer . Foto Bernt Bøe

 

 

 

Først publisert: 13. mars 2024, 05:00 - Sist oppdatert: 12. mars 2024, 18:22