Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No blir det arrangert «Midtsommar i Surnadal 2024»

Jon Olav Ørsal Måndag 11. mars 2024

Måndag føremiddag vart lokal presse orientert om at det endeleg av avklara at det blir Midtsommararrangement i Surnadal – det skjer i tidsrommet 20. juni og går fram til søndag 30. juni – altså ei skikkeleg midtsommarfest som går over 11dagar.

Bergsvein Brøske som har vore leiar for arbeidsgruppa som har jobba med prosjektet fortalte om opplegget og arbeidet med å få i stand eit opplegg som «alle» kan være med på.  -Vi har fått fram det beste i alle og evnen til å løfte i lag både når det gjeld økonomi og godt og variert program.

Vi kan berre nemne golfturnering, fotball, Todalsdagen, Øramartna, SKUV, Opp & Ut, arboretet, skyting, Quiz, volleyball, klatring, Bankmila, og mykje anna (sjå det foreløpige programmet nedafor).  Mykje er allereie gjort, men mykje står att enno før ein  kan «trykke på knappen».  Men no er mykje avklara, og da kan alle arbeide mot eit felles mål for ein vellukka Midtsommar i Surnadal.

I arbeidsgruppa som har jobba med dette prosjektet har det vore deltakarar i alle aldrar og frå mange lag, organisasjonar – og ikkje minst har ungdomane vore med. Deira entusiasme har vore avgjerande for resultatet vi er komne fram til sa Brøske.  Dette hadde aldri gått utan at vi har løfta i lag og det er viktig at vi får vist mangfoldet i Surnadal i samband med eit slikt arrangement. 

SKUV vil bidra med 2 utekonsertar, og 6 forskjellige band og over 20 musikarar vi delta i prosjektet  – her blir det satsa på folkefest, så det er berre å begynne å gle seg. Som sagt så kan du sjå mykje av programmet i det foreløpig programmet, men her går det an å fylle på meir, og det er heilt sikkert at det blir endringar enno, seier Brøske.

Publisert: 11. mars 2024, 13:22