Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Slik blir påska på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. mars 2024

På Todalshytta opnar dei restauranten 3 dagar i påska. Vi har alt røpa at det blir balldag på tysdag, med servering frå 15:00 til 18:00, og som vanleg blir det både sildball og potetball på menyen denne dagen.  Langfredag blir du invitert på «after ski» på Todalshytta, og da bys det på burger & pizza med godt tilbehør, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta.  Da er du like velkomen om du kjem frå Tydalsnebba, Toåa tursti eller om du kjem heimåfrå.  Langfredag blir det servering frå klokka 16:00 og utover. 

Arve Evensen er vertskap på Todalshytta – no ønskjer han velkomen til å prøve restauranten. Foto Jon Olav Ørsal

Første påskedag er det også ope i Kammerpie Ediths Spiseri – og da har kjøkkenet for høvet laga ein spesiell påskemeny som dei kan by på frå kl 14:00 til kl 18:00.  

Den spesielle påskemenyen som Kammerpike Edith byr på første påskedag ser slik ut:

  • Torskeloin  med godt tilbehør
  • Lammelår med godt tilbehør
  • Todalshytta spesial  – strimlet svinekjøtt med poppes frites

Bestill gjerne på SMS eller telefon 929 97 550 til Arve Evensen på

Først publisert: 23. mars 2024, 07:00 - Sist oppdatert: 22. mars 2024, 19:55