Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fikk bryna seg med ishockey i Kristiansund

Jon Olav Ørsal Sundag 24. mars 2024

Surnadal Blades er ein lokal ishockeyklubb med både Todalingar, Surnadalingar og fleire til – søndag var dei i Kristiansun for å prøve isen i Nordvest Arena på tampen av sesongen. Surnadal Blades hadde med seg forsterkningar frå Sagene Puck i Rindal, og kalla seg for høvet for Sagene Blades. 

Sagene Blades – det beste både frå Surnadal og Rindal stillte med et felles lag. Foto Gunnar Nordvik

Her gjekk det i ishockey gjennom heile dagen. Først var de yngste i elden, eit lag frå surnadal spilte kamp mot eit ungt lag frå Braatt.  Etterpå var det vaksen-ishockey, der nokre lag her frå regionen var med. Eit lag var frå Hitra og kalla seg Slovakia Hitra, medan eit anna lag var lokale spelarar frå Kristiansund og den lokale klubben Braatt.  OSO frå Melhus deltok og, sam sjølvsagt eit forsterka Surnadalalag.

Både kjente og mindre kjente spelarar. Foto Gunnar Nordvik

Sagene Blades vann både innleiande turnring og semifinalen, men tapte hårfing finalen mot OSO Melhus.  

Knut Bergli var krumtappen for heile arrangementet. Foto Gunnar Nordvik

Flotte premiar – helt sikkert i ekte gull! Foto Gunnar Nordvik

Hallvard Nordvik er ein av dei dyktige ungdommane på lokalplanet. Foto Gunnar Nordvik

Publisert: 24. mars 2024, 21:12