Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9336 artiklar i dette arkivet.


TILs Julekalender – klar med første trekning

Jon Olav Ørsal Måndag 1. desember 2025

Det har vore knytt stor spenning til TILs Julekalender, som har vore i sal i heile november. No er det slege sluttstrek for salet, og no startar altså trekninga som går kvar dag frå måndag 1. desember, til og med 24. desember – altså fram til jul.  Todalen.n legg ut resultat av trekninga kvar morgon kl 06:00 og da reknar vi med at det blir kø for å sjå kven som har vunne. 



Tradisjonell julekonsert med eit forsterka P17-kor

Jon Olav Ørsal Sundag 30. november 2025

For deler av koret var det faktisk jubileumskonsert med juletonar – det er faktisk 50 år sia dei eldste i koret starta i Åsskard kyrkjekor.  Fortsettelsen på Åsskard kyrkjekor vart til Prosjekt 17-koret da Bernt egentleg vart pensjonist og starta på med nytt prosjekt 17-kor i 2017.  I dag var P17-koret forsterka med eit eige orkester for høvet, og det var mesta rørande å høyre korsongen som vart forsterka med strykarar og blåsarar. 


Stinnt av folk på julemartnad – folk trossa sluddbygene

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. november 2025

Folk trossa vindrossane og sluddbygene og kom til Syltøran på julemartna hos Hageland og Byggmakker i dag.   Parkeringsplassen både framafor og bak  butikkane var fylt til siste plass, og det var heilt stinnt med folk dei første timane etter at butikkane opna.  Det kom folk både frå fjern og nær for å være med på julemartnan, og skikkeleg martnasstemning vart det – og det såg ut som både utstillarar og kundar kosa seg inne i varmen medan sluddbygene for vassrett innover Syltøran.


Inviterte like godt heile bygda til lunch i Sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Fredag 28. november 2025

Todalen Sanitetsforening samla inviterte gjestar til lunchservering i Sanitetshuset.  Foreninga er aktiv, og er involvert i mange tiltak gjennom året, og no vil dei gje noko attende til bygdefolket og inviterte altså til gratis lunch denne gongen.  Saniteten har nemleg fått midlar frå sentralt hald i NKS, som er øyremerka til sosialte tiltak.  Dermed blir det arrangert lunch, eller kveldsmat 2-3 gonger i året – og det er både triveleg og populært, seier Solveig Glærum som er leiar i Todalen sanitetsforening. 



Hageland gjentek suksessen med julemarknad

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. november 2025

Hageland arrangerte julemarknad for første gong i 2024 – da inviterte dei med i overkant av tjue lokale matprodusentar og andre som hadde lyst til å være for å selje sine handverk. Det vart ein kjempesuksess, med mykje folk og bra sal av lokalproduserte varer.


Driftsproblem på Kvanne – Rykkjem, men normal drift frå 17:15

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. november 2025

Fjord1 melder kl 10:17 i dag om driftsproblem på rute 1061 Kvanne – Rykkjem – og at sambandet er innstilt inntil vidare.   Kl 14:05 melder Fjord1 at feilsøking på MF Stangvikfjord pågår. Reservefartøyet MF Edøyfjord er på vei til sambandet  –   Fjord1 melder kl 16:29 at det blir normal drift i sambanden frå kl 17:15, […]


Stikk UT! bli med på vintertur!

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. november 2025

Nå som dagene blir kortere og mørketiden senker seg, er det viktigere enn noensinne å prioritere aktivitet og utetid.  Friluftsrådene i Møre og Romsdal, i samarbeid Møre og Romsdal skikrets, kommuner og lokale lag, er nå klare for Stikk UT! Vinter med både fot- og skiturer. 


Reparasjon på høgspentlina er i gang

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. november 2025

Ekstremvêret Amy vart for tøff for høgspentnettet inn til Todalen, og det førte både til kabelbrot og fleire knekte pålar.  Det var omfattande skade som var påført høgspentnettet, og i dag var S-Nett i gang med utskifting av pålane.


Gudsteneste med streaming til nettet – oppdatert med ny link til overføringa

Jon Olav Ørsal Sundag 23. november 2025

I dag var det lagt opp til streaming av gudstenesta frå Todalen kyrkje, der mykje elektronisk utstyr var rigga til i kyrkja, der kyrkjetenar Oddvar Wæge var «kringkastingssjef» for ein dag.  Men det vart ikkje slik som Oddvar hadde planlagt, fordi det oppstod eit brot i breibandsleveransen frå Telenor, dermed vart det stopp på overføringa av gudstenesta. Dermed må dei hente fram det arkiverte opptaket og lage ei ny sending som kan leggast ut på YouTube.  Derfor blir nettutgåva av gudstenesta litt forsinka, men den kjem, seier Oddvar.  No er video frå gudstenesta lagt ut, og du kan berre klikke på linken for å få tilgang på sendinga – her kan du sjå gudstenesta frå Todalen kyrkje.


Stor aktivitet i helga – både jubileum og Thaibuffe

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. november 2025

Denne helga er det mykje som skjer – Todalshytta minner om Thaiaften som startar kl 17:00, med servering utover kvelden til kl 20:00.  I Todalen ungdomshus er det jubileum for storspellmannen Halvor Ørsals jubileum for 150 år sia.