Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Valgkampen i gang

Valgkampen i gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. august 2011

Det nærmar seg fort valgdagen, som er måndag 12. september. Dei forskjellige politiske partia i kommunen er no i full aktivitet med valgforebuinga. Det kjem mykje informasjonsmateriell i posten og partia har stand for å dele ut materiell og for å treffe «mannen i gata». Laurdag var Surnadal Arbeiderparti i Todalen og hadde stand utafor ICA Todalen, der dei stillte med kandidatar både frå Todalen og frå andre delar av kommunen. Dei hadde i tillegg stand på Skei, og skal seinare til Bæverfjord og Bøfjorden, fortalte Mons Otnes som er partiets ordførarkandidat.

Både Mons Otnes og Lilly Gunn Nyheim tykte at dei vart godt mottekne i Todalen, og tykte at det var interessant å høre kor skoen trykkjer frå bygdefolket. For det var slett ikkje berre tunnellspørsmålet folk var opptekne av. Minst like aktuelle tema var også bygging av nye omsorgsboliger på Kvennset, legevaktordninga og sjølvsagt skulen.

Valget skjer som sagt måndag 12. september, og i Todalen skjer det på skulen, der valglokalet er ope mellom 12.00 og 21.00. Dersom du ikkje har høve til å stemme på valgdagen, kan du fortsatt førehandsstemme på Sørviskontoret på kommunehuset fram til 9. september (kl. 08.00 – 15.30), eller på Surnadal kulturhus laurdag 3. september (kl 11.00 – 16.00). Du kan lese meir om valget på heimesida til Surnadal kommune.

Publisert: 27. august 2011, 19:06