Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bli med på Trollheimsmarsj!

Bli med på Trollheimsmarsj!

Jon Olav Ørsal Fredag 26. august 2011

Bli med på Trollheimsmarsjen førstkomande søndag. Det er Nils Ove Bruset, Ledar i Todalen I.L., som oppmodar alle til å blir med på turen over fjellet frå Todalen til Ålvundeidet. Det er ein flott dagstur, sog egnar seg både for born og vaksne. Det er start på Bordholmen stadion i Todalen mellom kl 8.30 og 11.00 og du har heile dage på deg til målgang på Leikvoll stadion på Ålvundeidet før kl 17.00. Det er ca 13 km over fjellet, og i vanleg turtempo treng du rundt 5 timar, pluss pausar. Høgaste punktet på turen er ved Vardan, 850 moh.

Det blir busstransport frå Leikvoll til startstaden på Bordholmen kl 7.45, 8.45 og 9.45. Etter målgangen er det buss i retur til Todalen kl 15.15, 16.15 og 17.15. Deltakaravgifta er kr 100 for voksne og kr 50 for born (under 16 år). Born kan delta i lag med vaksne. Mange fine premiar er trekt ut på startnumra. Hovudgevinsten er eit Autopass for eit år for Trollheimstunnelen, men i tillegg er det fleire gåvekort og andre premiar. På turen over fjellet er det lagt opp til natursti med aktuelle spørsmål frå dei to komunane, med premiering.

Bruset minner om at det er båndtvang, og han ber om at den som har med hund tek hensyn til det, da det er mykje sauer i området der løypa går. Han minner også om at det er god turskikk å ta på godt fottøy, samt å ha med godt med mat og klær.

Her finn du oppdatert vêrmelding frå yr.no og plakaten med informasjon om Trollheimsmarsjen.

Først publisert: 26. august 2011, 19:00 - Sist oppdatert: 28. august 2011, 09:09