Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Iggeltjønna rundt med Stavganggruppa

Iggeltjønna rundt med Stavganggruppa

Vidar Sogge Tysdag 30. august 2011

Torsdag 26. august la 42 deltakarar frå Stavganggruppa turen til Iggeltjønna i Rindal. Her vart vi mottekne av tre svært blide kvinner: Helene Marie Nergård, kontaktperson og journalist på turen, og to guidar, Ildri Grønli og Gerd Helgetun. Iggeltjønna og området rundt har eit heilt suverent turområde. Nokre av oss rusla ein eller to rolege rundturar i det flate terrenget nede ved tjønna, medan andre valde ein noko lengre variant med avstikkarar til meir kuppert terreng.

Dagen vart som vanleg avslutta med matpause og sosialt samvær. Her gjekk Helene Marie og Olav rundt og spanderte ferske smultringar og kaffe! Heile tida hadde vi sol og fint ver, og dagen er utan tvil ein av dei mest vellykka turane Stavganggruppa har hatt. Ein stor takk for den vellykka dagen til Helene Marie Nergård, Ildri Grønli og Gerd Helgetun.

…og endeleg kjem bildegalleriet frå turen. En liten teknisk lapsus gjorde at det ikje kom fram!

Først publisert: 30. august 2011, 11:30 - Sist oppdatert: 2. september 2011, 21:12