Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 8556 artiklar i dette arkivet.


Trollheimsmarsjen – søndag 28. august

Trollheimsmarsjen – søndag 28. august

Jon Olav Ørsal Fredag 19. august 2011

Søndag 28. august skal folk valfarte over Vardan, frå Todalen over fjellet til Ålvundeidet. Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L. Ulvungen og Todalen I.L., og vart arrangert første gongen i 2008, da begge idrettslaga feira 100-årsjubiluem. Den gongen var det 239 deltakarar som starta fra Bordholmen, og som kom i mål på Leikvoll stadion etter ein fin tur opp Haukålia til Vardan og nedatt Børsetlia til Ålvundeid. Turen over fjellet er 13 km, og er rekna til å ta omlag 5 timar pluss pausar under vegs. Høgaste punktet på turen er på 850 m.o.h., men det meste av turen går i fint og tørt terreng.

Les heile saka

Stavganggruppa i Bøkeskogen i Stangvika.

Stavganggruppa i Bøkeskogen i Stangvika.

Vidar Sogge Fredag 19. august 2011

Torsdag den 18. august la stavganggruppa turen til Bøkeskogen i Stangvika. Etter at vi alle hadde samlast ved Stangvik kyrkje, køyrde vi Gammelvegen forbi Lerbrua og parkerte bilane straks nedfor Bøkeskogen. Regn og skodde følgde oss heile tida medan vi gjekk opp den nye og flotte skogsbilvegen. Men vi hadde kledd oss etter veret, så humøret var på topp.

Les heile saka

Ferien er slutt

Ferien er slutt

Elinor Bolme Onsdag 17. august 2011

Då er det ikkje mange som er i feriemodus i Todalen lenger. Ein tur på Bordholmen i kveldinga bekreftar det. Start 4H hadde medlemsmøte og G14 spela kamp mot Sunndal. I tillegg var det oppstart med sykkeltrimmen, der det var imponerande mange utabygdes som ankom Bordholmen på sykkel.

Les heile saka

Klart for skulestart

Klart for skulestart

Elinor Bolme Tysdag 16. august 2011

Torsdag kl 8.30 er det klart for oppstart av eit nytt skuleår også for Todalen Oppvekstsenter. I år som i fjor er skulen todelt, med Dordi Jorunn Halle som rektor, og Bjørn Einar Høivik som einingsleiar. Ellers har oppvekstsenteret Britt Mossing, Laila Buskenes Aune og Torill Gjeldnes som tilsette fag- og kontaktlærarar. Solvor Røen og […]

Les heile saka

Medlemsmøte i Start 4H

Medlemsmøte i Start 4H

Elinor Bolme Måndag 15. august 2011

Onsdag kveld startar Start 4H førebuingane fram mot haustfesten søndag 30. oktober. Då må alle ha sine prosjekt klare til å stillast ut. Difor oppfordrer styret alle 4H’arane til å møtast på Bordholmen kl 18  til medlemsmøte og samarbeid om prosjekta. I år er inndelinga på dei ulike prosjekta 3 delt; friluftsliv, fotografering og dyr/hushald. […]

Les heile saka

Siste dag for fiske etter laks og sjøaure

Siste dag for fiske etter laks og sjøaure

Jon Olav Ørsal Måndag 15. august 2011

Måndag kveld kl 24 er årets sesong for laks- og sjøaurefiske i Toåa slutt. Direktoratet for naturforvalning justerte seinast i år fisketidene for fiske etter laks- og sjøaure, og årets sesong som starta 15. juni tek altså slutt 15. august kl 24. Laksefisket i år starta bra, med ein lang periode med god vassføring, men […]


Open gard i Pestua søndag 21. august

Open gard i Pestua søndag 21. august

Jon Olav Ørsal Måndag 15. august 2011

Søndag 21. august blir det open gard i Pestua. Det er Todalen Bondelag som er arrangør, med Maren, Asbjørn, Anders og Ingunn som vertskap. I Pestua drives det med kjøtt- og eggproduksjon, og det vil bli omvisning i oksefjøset denne dagen. I tilleg vil det nok bli mange slags dyr å sjå, mellom anna lama, kanin og lam for å nemna noko, og dette vil skje i samarbeid med Start 4H der det er fleire av medlemane som har forskjellige husdyr som prosjekt i år.

Les heile saka

Med Stavganggruppa til Skogan Gård

Med Stavganggruppa til Skogan Gård

Vidar Sogge Sundag 14. august 2011

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag hadde fredag 12. august tur til Skogan Gård i Valsøybotn, dit vi var inviterte av Norsk Vandrefestival. Lars Olav Stenberg var stødig sjåfør på turen. På vegen frå Botnabua til Skogan Gård var vi så heldige å bli guida av Anne Botten Stokke. Oppvaksen og framleis buande i Valsøybotn gav ho oss ei levande skildring av livet her inne i fjorden i gammel og ny tid.

Les heile saka

Gudsteneste med mykje song

Gudsteneste med mykje song

Jon Olav Ørsal Sundag 14. august 2011

Søndag var det gudsteneste i Todalen kyrkje. Det var over 60 tilhørarar, og sokneprest Bernt Venås heldt ei god preken over tema «falske profetar», samtidig som han nytta høvet til å minnast dei som var råka av tragedien den 22. juli. Spesielt var det nok at det var solosong i kyrkja, da Svein Bjørkøy song to folketonar frå galleriet. Han var i Todalen i høve søskenbarntreffet for Moeslekta i Hemne/Todalen, og denne «forsterkninga» løfta nok salmesongen i kyrkja denne dagen.

Les heile saka

Opne hagar

Opne hagar

Jon Olav Ørsal Sundag 14. august 2011

I helga har det vore «1000 opne hagar» i hagelagets regi, samtidig som det har vore ein del av Norsk Vandrefestivals program. Her i bygda har dett vore omfatta hagen til Dordi Anne Hyldbakk på Slettbakkan og Svinsviks arboret. Søndag var det open hage frå 12-15 med gratis inngang, og det var mange som nytt høvet til å sjå innom.

Les heile saka

Slutt på teltlivet

Slutt på teltlivet

Elinor Bolme Sundag 14. august 2011

Midt på dagen i dag vart det brått slutt for teltlivet på Bordholmen. Sterk vind gjorde at storteltet som har stått oppe sia Todalsdagen krølla seg rundt lysmasta som står der. Til alt hell gjekk det berre utover teltet sjølv, og ikkje campingbilen som stod parkert ein stor meter unna. Bileigar Hergen Albrecht skjøna fint lite då sambuar Inge Rühl banka på døra for å fortelje kva som var skjedd mens han var i dusjen.

Les heile saka

Søyacupen i rute

Søyacupen i rute

Elinor Bolme Sundag 14. august 2011

Førstkommande laurdag er det klart for årets Søyacup. I år melder dei om rekorddeltaking, med heile 52 påmeldte lag. Her er det påmeldt 18 knøttelag, 17 mini lag og 18 lillegutt lag. Dette gjer at det blir full aktivitet på 7 banar frå klokka 10-18 laurdag den 20.

Les heile saka