Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Trollheimsmarsjen – søndag 28. august

Trollheimsmarsjen – søndag 28. august

Jon Olav Ørsal Fredag 19. august 2011

Søndag 28. august skal folk valfarte over Vardan, frå Todalen over fjellet til Ålvundeidet. Trollheimsmarsjenn er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L. Ulvungen og Todalen I.L., og vart arrangert første gongen i 2008, da begge idrettslaga feira 100-årsjubiluem. Den gongen var det 239 deltakarar som starta fra Bordholmen, og som kom i mål på Leikvoll stadion etter ein fin tur opp Haukålia til Vardan og nedatt Børsetlia til Ålvundeid. Turen over fjellet er 13 km, og er rekna til å ta omlag 5 timar pluss pausar under vegs. Høgaste punktet på turen er på 850 m.o.h., men det meste av turen går i fint og tørt terreng.

På vegen over fjellet er det lagt opp til naturstikonkurranse, der det blir ymse spørsmål med tema frå dei to kommunane Sunndal og Surnadal. Og sjølvsagt blir det premiering, både av naturstikonkurransen og for turmarsjen. Hovudpremien for Trollheimsmarsjen er eit årskort for Trollheimstunnelen når den kjem, men i tillegg blir det 4 gavekort a kr 500 og mange andre premiar som alle blir trekt ut på startnumra. I tillegg er det en pins å få for den som går for 1. eller 3. gong og vidare blir det ny pins etter 5. gong som blir muleg først neste år.

Det blir sett opp buss frå Ålvundeid for transport til startplassen på Bordholmen i Todalen; 3 avgangar med ein times mellomrom. På same måten blir det 3 turar med retur av todalingar og andre, som skal attende til Todalen etter turen over fjellet. På Leikvoll stadion blir det høve til å ta ein dusj for den som vil, og det blir også salg av middag i klubbhuset på Leikvoll.

Dag Nicolay Gjersvoll som er ledar i I.L. Ulvungen og Nils Ove Bruset, som er ledar i Todalen I.L. håpar at mange blir med på turen over fjellet i årets Trollheimsmarsj. Og dersom værgudane samarbeider trur dei det kan bli rekorddeltaking i år. Dei oppfordrar til å ta med godt med mat og klær, og til å ta seg god tid og nyte turen over fjellet. Dei oppfordrar også folk som tek med hund på turen til å halde den band, da det er ein del sauer i turtraseen.

Her finn du plakaten for nedlasting, som inneheld aktuell informasjon om Trollheimsmarsjen 2011.

Vi kjem med meir aktuell informasjon om Trollheimsmarsjen etter kvart, så følg med på Todalen.no.

Først publisert: 19. august 2011, 22:06 - Sist oppdatert: 21. august 2011, 22:55