Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavganggruppa i Bøkeskogen i Stangvika.

Stavganggruppa i Bøkeskogen i Stangvika.

Vidar Sogge Fredag 19. august 2011

Torsdag den 18. august la stavganggruppa turen til Bøkeskogen i Stangvika. Etter at vi alle hadde samlast ved Stangvik kyrkje, køyrde vi Gammelvegen forbi Lerbrua og parkerte bilane straks nedfor Bøkeskogen. Regn og skodde følgde oss heile tida medan vi gjekk opp den nye og flotte skogsbilvegen. Men vi hadde kledd oss etter veret, så humøret var på topp.

På nedturen letta skodda og det slutta å regna, og vi tok ein rast ved ei nyleg oppført løe som ligg i Bøkeskogen. Turen vart avslutta med ein tur til Stangvik aldersheim, der formannen i gruppa, Martinus Torvik, gav to sett gå-stavar til dei som budde/arbeidde på aldersheimen.

Nedafor finn du eit bildegalleri frå turen til Bøkeskogen i Stangvika. Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 19. august 2011, 10:01