Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 8540 artiklar i dette arkivet.


Medlemsmøte i Start 4H

Medlemsmøte i Start 4H

Elinor Bolme Måndag 15. august 2011

Onsdag kveld startar Start 4H førebuingane fram mot haustfesten søndag 30. oktober. Då må alle ha sine prosjekt klare til å stillast ut. Difor oppfordrer styret alle 4H’arane til å møtast på Bordholmen kl 18  til medlemsmøte og samarbeid om prosjekta. I år er inndelinga på dei ulike prosjekta 3 delt; friluftsliv, fotografering og dyr/hushald. […]

Les heile saka

Siste dag for fiske etter laks og sjøaure

Siste dag for fiske etter laks og sjøaure

Jon Olav Ørsal Måndag 15. august 2011

Måndag kveld kl 24 er årets sesong for laks- og sjøaurefiske i Toåa slutt. Direktoratet for naturforvalning justerte seinast i år fisketidene for fiske etter laks- og sjøaure, og årets sesong som starta 15. juni tek altså slutt 15. august kl 24. Laksefisket i år starta bra, med ein lang periode med god vassføring, men […]


Open gard i Pestua søndag 21. august

Open gard i Pestua søndag 21. august

Jon Olav Ørsal Måndag 15. august 2011

Søndag 21. august blir det open gard i Pestua. Det er Todalen Bondelag som er arrangør, med Maren, Asbjørn, Anders og Ingunn som vertskap. I Pestua drives det med kjøtt- og eggproduksjon, og det vil bli omvisning i oksefjøset denne dagen. I tilleg vil det nok bli mange slags dyr å sjå, mellom anna lama, kanin og lam for å nemna noko, og dette vil skje i samarbeid med Start 4H der det er fleire av medlemane som har forskjellige husdyr som prosjekt i år.

Les heile saka

Med Stavganggruppa til Skogan Gård

Med Stavganggruppa til Skogan Gård

Vidar Sogge Sundag 14. august 2011

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag hadde fredag 12. august tur til Skogan Gård i Valsøybotn, dit vi var inviterte av Norsk Vandrefestival. Lars Olav Stenberg var stødig sjåfør på turen. På vegen frå Botnabua til Skogan Gård var vi så heldige å bli guida av Anne Botten Stokke. Oppvaksen og framleis buande i Valsøybotn gav ho oss ei levande skildring av livet her inne i fjorden i gammel og ny tid.

Les heile saka

Gudsteneste med mykje song

Gudsteneste med mykje song

Jon Olav Ørsal Sundag 14. august 2011

Søndag var det gudsteneste i Todalen kyrkje. Det var over 60 tilhørarar, og sokneprest Bernt Venås heldt ei god preken over tema «falske profetar», samtidig som han nytta høvet til å minnast dei som var råka av tragedien den 22. juli. Spesielt var det nok at det var solosong i kyrkja, da Svein Bjørkøy song to folketonar frå galleriet. Han var i Todalen i høve søskenbarntreffet for Moeslekta i Hemne/Todalen, og denne «forsterkninga» løfta nok salmesongen i kyrkja denne dagen.

Les heile saka

Opne hagar

Opne hagar

Jon Olav Ørsal Sundag 14. august 2011

I helga har det vore «1000 opne hagar» i hagelagets regi, samtidig som det har vore ein del av Norsk Vandrefestivals program. Her i bygda har dett vore omfatta hagen til Dordi Anne Hyldbakk på Slettbakkan og Svinsviks arboret. Søndag var det open hage frå 12-15 med gratis inngang, og det var mange som nytt høvet til å sjå innom.

Les heile saka

Slutt på teltlivet

Slutt på teltlivet

Elinor Bolme Sundag 14. august 2011

Midt på dagen i dag vart det brått slutt for teltlivet på Bordholmen. Sterk vind gjorde at storteltet som har stått oppe sia Todalsdagen krølla seg rundt lysmasta som står der. Til alt hell gjekk det berre utover teltet sjølv, og ikkje campingbilen som stod parkert ein stor meter unna. Bileigar Hergen Albrecht skjøna fint lite då sambuar Inge Rühl banka på døra for å fortelje kva som var skjedd mens han var i dusjen.

Les heile saka

Søyacupen i rute

Søyacupen i rute

Elinor Bolme Sundag 14. august 2011

Førstkommande laurdag er det klart for årets Søyacup. I år melder dei om rekorddeltaking, med heile 52 påmeldte lag. Her er det påmeldt 18 knøttelag, 17 mini lag og 18 lillegutt lag. Dette gjer at det blir full aktivitet på 7 banar frå klokka 10-18 laurdag den 20.

Les heile saka

Mange steinbærarar!

Mange steinbærarar!

Elinor Bolme Laurdag 13. august 2011

Strålande ver gjorde at Norsk Vandrefestival sitt arrangement «Kvit varde» vart meir som ein suksess i dag. Vel eit 50 tals personar tok turen opp frå Innerdalsmerket og forbi Tristeinane til Toril Redalen sitt kunstprosjekt «Kvit varde». Her var det stor stemning, også blandt alle ungane som var med på turen. Det var eit jamt tilsig av folk utover heile dagen, både av todalingar og ein del turistar. Ruta mellom Kårvatn og Innerdalen er flittig bruka.

Les heile saka

Høgmesse søndag

Høgmesse søndag

Jon Olav Ørsal Fredag 12. august 2011

Søndag 14. august er det høgmesse med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Den startar kl 11, og det er offer til Todalen misjonsforening. Da vår eigen organist er på ferie er det organisten i Rindal Daniel Bjørlo som vikarierer. Det blir nok ei litt spesiell gudsteneste denne dagen, for Moe-slekta i Hemne (-og Todalen) har søskjenbarntreff i Todalen i helga. Mellom anna kjem tre av Bjørkøybrørne; Harald, Gunnar og Svein. Dette vil nok prege salmesongen i kyrkja denne dagen, og Svein Bjørkøy vil opptre med solosong under høgmessa. Dette er det verdt å få med seg.

Les heile saka


Tapasaften fredagskveld

Tapasaften fredagskveld

Elinor Bolme Torsdag 11. august 2011

Fredag 12.august gjentas suksessen fra i fjor med Tapasaften på Pakkhuset kro. Då kjem gjestekokkar frå Spania og inviterer til storstilt tapasbuffet. Tapas betyr smårettar, og desse blir laga av spanske Francesc Perez Baldo og kona Siri Lund, fra Kristiansund. Dette gjør at tidligerer annonsert pubaften lørdag utgår

Les heile saka