Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mange steinbærarar!

Mange steinbærarar!

Elinor Bolme Laurdag 13. august 2011

Strålande ver gjorde at Norsk Vandrefestival sitt arrangement «Kvit varde» vart meir som ein suksess i dag. Vel eit 50 tals personartok turen opp frå Innerdalsmerket og forbi Tristeinane til Toril Redalen sitt kunstprosjekt «Kvit varde». Her var det stor stemning, også blandt alle ungane som var med på turen. Det var eit jamt tilsig av folk utover heile dagen, både av todalingar og ein del turistar. Ruta mellom Kårvatn og Innerdalen er flittig bruka.

Toril Redalen var naturleg vis sjølv med på turen, og var reint så fornøgd med at så mange var med på turen, og ikkje minst bar opp kvite steinar slik at varden voks litt i løpet av dagen.

Nokre få skjøytte på turen og gjekk opp til Bjøråskaret, ca 1,5 times normal gange frå varden. Ein fin tur i eit litt spesielt terreng. Todalen.no har naturlegvis tilgang til bilder derifrå òg.

Under er eit galleri frå dagen, kanskje kjem det til fleire bilder av JonO også?

Publisert: 13. august 2011, 21:23