Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Slektstreff etter 3 søstre…

Slektstreff etter 3 søstre…

Jon Olav Ørsal Fredag 26. august 2011

Laurdag er det slektstreff etter søstrene Maren, Ingeborg og Ingrid, som alle vart fødd i Pestua på slutten av 1800-talet. Da samles rundt 90 av etterkomarane i Todalen ungdomshus først til lunch og seinare på dagen til festmiddag og litt underhaldning. I det høvet det laga ei ganske unik utstilling med handarbeid etter dei tre søstrene i ungdomshuset. Det er rett og slett unik saum som er utført i veldig tynnt garn, som krever en god finmotorikk for å få til. Nedafor har vi laga eit bildegalleri der vi presenterer nok av det fine arbeidet.

 Dei tre søstrene hamna på kvar sin gard i Todalen. Maren vart i Pestua, og var gift med Olav M. Ansnes, Ingeborg kom til Øya da ho var to år gammel og vart seinare gift med Olav S. Ansnes og Ingrid kom til Ramsøya og var gift med Jon I. Ramsøy.

Til saman er det rundt 150 etterkomarar etter dei tre søstrene som lever – og 3 av dei er fødde dette året, fortel Maren Ansnes og Ragnhild Ansnes Moe til Todalen.no. Av desse kjem altså rundt 90 til slektstreffet;  frå Halden i sør til Verdal i nord.

Dersom det er nokon som har lyst til å sjå utstillinga som er laga i ungdomshuset, så er det høve til det søndag ettermiddag mellom kl 13-14. Da vil Dordi Husby Fedje vera tilstades for å orientere om det flotte handarbeidet som er vist fram.

Eit lite bildegalleri frå utstillinga finn du nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 26. august 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 25. august 2011, 23:57