Natta og dagen like lang over heile verda
I dag er det ein spesiell dag, for i dag er det vårjamndøg og da er dagen og natta like lang, ikkje berre her i Todalen men faktisk over heile verda. Heilt nøyaktig skjedde det i dag, 20. mars kl 10.37 CET – altså på formiddagen. Da kan vi faktisk allereie i morgon glede oss over at dagen er lengre enn natta, og snart er det faktisk sommar igjen, og bra er det!