Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Handball-lag frå 1940-åra; jenter som var pionerar

Dordi Jorunn Halle Torsdag 11. mars 2021

Frå skannarpatrulja i Todalen historielag har todalen.no fått tilsendt eit interessant bilete av handball-lag frå midten av 1940-talet. Biletet er nok frå eit av dei første åra med jentehandball i Todalen.

Opplysingane nedanfor er henta frå boka Todalen Idrottslag 100 år – 1908 – 2008:

Det første handballaget for jenter i bygda vart skipa 30. mai 1945 og var det første laget på Nordmøre. Jentene hadde lenge hatt lyst til starte opp med handball, men møtte motstand og fordommar mot jenteidrett. For å kome i gang fekk dei hjelp av lærarinna Gunni Utigard som hadde erfaring frå handballspel. Liv Ramsøy (Sande) fekk reise til Kristiansund på kurs som Nordmøre Idrettskrets heldt. Tor Halle, som da gjekk på lærarskule, vart trenar.

Om sommaren trena jentene på Bordholmen, om vinteren trena dei gymnastikk i skulen. I byrjinga spela dei med gamle fotballar som gutane hadde kassert og brukte fotballmål. Jentene tok sjølv kontakt med kjenningar i Surnadal og Sunndal for å få dei til å skipe handball-lag slik at det kunne bli seriespel. Og da todalingane kom til Sunndal for å spele kamp, vart dei overraska for der brukte dei heile fotballbanen som kamparena. Det var første handballkampen på Sunndalsøra! 

I avisa stod dette etter kampen: «Sunndal vant over Todalen. Margit Ramsøy, den lille lynrappe senterløperen, var god, og Todalen var stilige på banen!»

Handballjentene frå Todalen var med på å skape eit handballmiljø på Nordmøre.

 I 1951 måtte dei legge ned att laget, reiseutgiftene vart for store på grunn av «meiningslaus kretsinndeling».

Seinare år kom det nye fine periodar med handball både for ungdommar og barn i Todalen Idrottslag.

Handballag frå Todalen på midten av 1940-talet. Frå venstre fremst: Else Ødegård (f. Ørsal 1932, frå Skogheim), Inger Stølen (f. Halset 1926-2003, frå Teigen), Ragna Ansnes (f. Haugen 1922-2000, frå Heimstad i Lykkjebygda/Pestua), Gunvor Bronnes (f. Ørsal 1931, frå Skogheim) og Else Olsen (f. Halle 1932, frå Naustvollen). Bak frå venstre: Margit Hauge (f. Bruset 1929, frå Skogstad), Randi Ramsøy (f. Ansnes 1926-1984, frå Ansnesset), Lisbet Langdalen (f. Ørsal 1926, frå Ørstad/Sagtrøa), Jenny Ingvalda Kvendset (f. Sandvik 1921, frå Tustna/Sandstad) og Oddbjørg Rørstad (f. Halset 1931-2002, frå Teigen). Frå arkivet til Todalen historielag.

Publisert: 11. mars 2021, 00:22