Sesongslutt med trim og kaffepause
Alt har si tid – no er det sesongslutt for Sanitetens «Kløverturar», som bortsett frå ein liten sommarferie har vore arrangert kvar veke gjennom sommarhalvåret. Det er både god trim og triveleg sosial kontakt for dei som har delteke på dette tiltaket gjennom sommaren.