Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein milepel for utbygginga av impregnerinsanlegget

Jon Olav Ørsal Fredag 15. oktober 2021

Vi har tidlegare fortalt om utbygginga av impregneringsanlegget til Talgø MøreTre som foregår på anlegget på Syltøran.  Denne veka vart ein skikkeleg milepel passert da «Samskip Kvitbjørn» stakk innom Surnadal Hamn med mykje av utstyret som skal monterast i det nye Cu-anlegget som er under montering. Talgø Møretre investerer rundt 50 mill. i nytt anlegg for grønimpregnering, og rundt 50 mill i infrastruktur- og utvidelse på Royal-3. 

Frå Surnadal Hamn gikk transporten med lange semitraller beregna på slik frakt. Foto: Jon Olav Ørsal

Her har byggearbeidet pågått sia vårparten, og det er Surnadalsfirmaet Sætra som har gjort betongarbeidet,  som forøvrig er prosjektert av surnadalingen Ivar Mogstad i ingeniørfirmaet Karl Knudsen. Ivar har forøvrig flytta heim på Sæetergarden og jobbar derfrå når ahn ikkje er på Talgø Møretre for å følge opp det store betongrposjektet som dette er.

Lokale heltar – Frå venstre Ivar Mogstad som har prosjektert betongkontruksjonen, saman med Eivind Lyngstad og Håkon Bergset som var i gang med bygging av ny trafo-kiosk. Foto: Jon Olav Ørsal

No er det plana at utstyret skal på plass omtrent samtidig som den store industrihallen blir bygd rundt den nye fabrikken, fortel prosjektleiar Hallvard Brusethaug i Talgø MøreTre.  Han reknar med at resten av leveransen kjem om eit part-tre veker, og at ein da kan sette den siste og tyngste delen (over 50 tonn) direkte på plass før bygget blir tetta. 

Svend Pedersen og Hallvard brusethaug. Svend petersen representerer Woodmech og har delteke på dei fleste utbyggingsprosjekta på Talgø Møretre som utstyrleverandør. Foto: Jon Olav Ørsal.

Vi har laga eit bildegalleri frå dagens happening på logistikkfronten.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. oktober 2021, 17:24