Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stinn brakke på Jennys 100-årsdag i ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. oktober 2021

Jenny Kvendset hadde bestemt seg for at når ho vart 100 år, så skulle ho invitere alle sambygdingar på bursdagsfeiring i Todalen ungdomshus. Ho hadde også bestemt seg for at det skulle bli nok mat. Som gammal pensjonatvertinne var ho vant til å arrangere store selskap, så ho ville ha eit ord med i laget både når det gjeldt meny – og kor mykje mat som trongs.
Fredag fylte Jenny 100 år, og var bortreist på dagen for å samle krefter til bursdagslaget som skulle stå i ungdomshuset på laurdag.  Laurdag troppa det opp rundt 120 gjestar i ungdomshuset, så huset vart nærast fylt til siste pådekte plass – akkurat slik Jenny ville ha det..

Det var tilnærma fullt hus da Jenny Kvendset feira sin 100-årsdag i Todalen ungdomshus. Foto: Jon Olav Ørsal

På menyen stod det skanksuppe som var koka etter Jennys eiga oppskrift, og den smaka det ekte vare av.  Etter middagen stakk vi innom kjøkkenet for å ta ein sjekk, og da kunne vi konstatere at det enno var ein kasserolle i reserve. Vi konfronterte Jenny med at ho kunne senke skuldrene, da det var ein kasserolle til overs. Da svara ho at det skulle da bli det, så det var inga overrasking.

Jenny som har vore vant til å stå på for at andre gjestar skulle få det slik dei ville var plutseleg i ei ny rolle – det var ho som var heidersgjesten, og jammen fekk ho mange godord med seg vidare.  I salen var det samla slekt og vener frå heile Nordmøre – berre etterkomarane til Jenny er rundt seksti i talet, og i tillegg var det mykje slekt frå Tustna – der ho kjem frå og sjølvsagt mange todalingar.

Jenny er gammeltante til Steinar Hasselø, som viste ein presentasjon og bladde i Jenny sitt liv på Tustna og i Todalen. Han gikk fakstisk 34 ledd attover tida for å gjera reie for stamtavla. Foto Jon Olav Ørsal

Litt ekstra merksemd utafrå vart det da også.  Jenny fekk brev frå slottet, med gratulasjon frå kong Harald.  Frå Surnadal troppa ordførar Margrete Svinvik opp med ordførarkjede og blomsterhelsing, og ho tok seg tid til å være med og kaste glans over bursdagsfeiringa.

På spørsmål om kva som må til for å bli 100 år, så hadde ho ei enkel oppskrift på det.  Det er hardt arbeid som må til for å bli skikkeleg gammal.  Og Jenny held det gåande sjølv om ho har fylt hundre – ho lagar seg middag sjølv kvar dag – med kokte poteter og anna tilbehøyr. Og kvar fredag er ho på handlerunde på Matkroken og sørger for å handle inn det ho treng i løpet av veka. Komande veke blir det kanskje litt enkelt i matvegen – da blir det vel skanksuppe som restemiddag 🙂

Jubilanten ved kakebordet – med Georg Bolme som handtlangar. Foto: Jon Olav Ørsal

Jenny fekk det som ho ville – ho inviterte sambygdingane på bursdagslag,  – og dei kom og jammen vart det nok mat!  Vi gratulerer med 100-årsdagen!

Saniteetskvinnene gjorde stas på sin mangeårige medlem som enno er aktivt med i laget. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. oktober 2021, 20:40