Todalen sanitetsforening – minner om årsmøtet i kveld
Todalen sanitetsforening held årsmøte i Sanitetshuset tysdag 7. februar kl. 18:30.
Vi fann 9146 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening held årsmøte i Sanitetshuset tysdag 7. februar kl. 18:30.
Samefolkets dag (sámi álbmotbeaivi) 6. februar er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn, skriv Wikipedia på sine nettsider.
Surnadal heimbygdlag inviterer til årsmøte måndag 27. februar på Thon Hotel Surnadal. Årsmøtet startar kl. 19:00.
Vi kan trygt seie oss enige med Gudmnd Kårvatn når han karakteriserer denne helga med Kårvatn Skimo og NM i randonee som ei kjempehelg. To vellukka renn er vel i hamn, og er gjemmomført til punkt og prikke. Lokale heltar har fått vist kva dei står for og Erik Kårvatn kan skilte med to NM-titlar på heimebane – rett nok har han vore åleine i klassen sin – Menn U-20, men han hadde i dag beste tid på vertikalen, og var i mål på 25:07.5. Vi lar oss imponere av det.
Med 57 deltakarar på startstreken i dagens individuell så er dette ein solid rekord for Skimo Kårvatn 2023, som samtidig var NM i randonee for 2023. I dag var det ingen som kunne tukte Kilian Jornet Burgada – spanjol som går for Måndalen, som kom i mål på tida 1:18:47 som hadde Hans-Inge Klette hakk i hel, men 45 sekund etter. På tredjeplass Trym Dalset Lødøen, 1 sekund etter. Men norgesmester var Klette, med Lødøen på andre og Jonas Petter Engdal på tredje. I klassen menn U20 vart Erik Kårvatn best på tida 1:25:49 og dermed vart han norgesmester på heimebane
Da påmeldingsfristen gikk ut var det rundt 60 påmeldte, og det ligg an til å bli det sterkaste startfeltet som nokon gong har vore på norsk jord, seier Gudmund Kårvatn. Han er ein av randonee-gründerane og har stått bak konkurransane i Dalalia på 11. året. Han fortel at det er deltakarar frå Tromsø i nord, til Italia i sør – tilsaman er det 8 nasjonalitetar som stiller på startstreken laurdag – av dei sterkaste korta er nok spanjolen Kilian Jornet Burgada og kona Emilie Forsberg som stiller til start.
Det er kjempefine forhold i Dalaia etter det siste snøfallet. I dag har det delvis vore blå himmel og sol, og Gudmund Kårvatn har vore oppå lia på inspeksjonsrunde for å sjekke forholda med tanke på helgas randonee-NM. Han rapporterer om kjempefine forhold nedover Dalalia – faktisk er det sjelden det er så fine forhold ned lia som no, seier han. I dag har Jan Hafsås vore oppe med fly, og vi kan vise ferske bilder frå området rundt Tydalsnebba – og det ser lovende ut.
I forbindelse med randonee-NM holdes Todalshytta hytta åpen for frokost, lunch og middagsservering – dette gjelder fredag og lørdag til kl. 19.00 – ta kontakt med Arve på telefon 929 97 550 for bestilling.
Januar og februar er tradisjonelt ein travel periode med messearrangement på Talgø – det starta denne veka med XL-Bygg og vil fortsette med Byggtorget som kundar. Det skjer på Lillestrøm i Nova Spektrum (tidlegare Norges Varemesse).
Denne helga er det full fart, og aldri har vel engasjementet og interessen vore større enn i år, fortel Gudmund Kårvatn, som melder om stor interesse for årets arrangement. – Han fortel at det alt no er påmeldingar frå Tromsø i nord og mange frå randonee-miljøet i Romsdalen, slik at vi kanskje får oppleve tidenes heat i Dalalia. Fleire nye namn er det også, så dette blir spennande.
I samband med NM i randonee på Kårvatn nestee helg blir det arrangert ein bankett i Todalen ungdomshus, laurdag 4. februar kl 19:00. Det er ein felles bankett for løparar, funskjonærar og for alle andre som har lyst til å være med. Der blir det servert jegergryte frå HammerStuene som hovudrett og etterpå blir det servert kaffe.
Ein skulle kanskje tru at regnvêret som verkeleg glimta til i føremiddag hindra tilstrøyminga til kyrkja og dagens gudsteneste. Men heller tvert i mot så kom det eit stort trettital for å ta del i dagens gudsteneste. Ei litt spesiell gudsteneste forresten, fordi meir eller mindre heile mannskapet var vikarar. Liturg var for høvet Bjørn Hovde, som var vikar for Torbjørn Brøske, som er tilsett som vikar i samband med utlysinga av ny prestestilling etter Kristin Strand som slutta til nyttårs.